Følgjer opp KA-kartlegging med straum-oppmoding til kommunane

Statsråd for trus- og livssynssaker, Kjersti Toppe (Sp). Foto: Even Kleppa/KA
Publisert: 24/05/2022
I eit nytt brev understrekar Kjersti Toppe at det er kommunane som har ansvaret for å finansiere lokalkyrkja.

– Vi er takknemlege for at statsråden på denne måten er tydeleg overfor kommunane på finansieringsansvaret deira. Vi veit at kommunane er glad i kyrkjene sine og har tru på at ein finn gode løysningar lokalt, seier Marit Brandt Lågøyr, avdelingsdirektør i KA.

«Straumprisane har i deler av landet auka betydeleg. Frå kyrkjelege organisasjonar høyrer eg om bekymring i sokn og fellesråd for at høge utgifter til straum vil gå ut over aktivitetsnivået i sokna og drifta av kyrkjebygga», skriv statsråd for trus- og livssynssaker, Kjersti Toppe (Sp), i eit brev som gjekk ut frå Barne- og familiedepartementet til alle landets kommunar måndag.

Halvparten slit med straumrekninga

Bakteppet er at om lag halvparten av dei kyrkjelege fellesråda har meldt om store utfordringar knytt til straumprisen. KA har kartlagt dette to gongar dei siste månadene og hadde møte med statsråden i starten av mai.

«KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder har informert meg om at det hittil er få kommunar som har gitt tilsegn om å dekke dei auka utgiftene fellesråda har til straum. Årsakene kan vere fleire, som til dømes at kommunen framleis har spørsmålet til vurdering, at ein reknar med at kyrkja lokalt er omfatta av andre støtteordningar eller at kyrkjebygg og kyrkjelege føremål ikkje kan prioriterast», skriv Toppe.

Toppe oppmodar til god dialog

Ho presiserer i brevet at Den norske kyrkja ikkje er omfatta av støtteordningane for straum, men at «det kommunale finansieringsansvaret for den lokale kyrkja er vidareført i trussamfunnslova, og det vil derfor vere opp til kvar kommune å vurdere om det er grunnlag for å yte ekstra tilskot til det kyrkjelege fellesrådet for å vareta føremåla nemnde i lova og føremåla elles som var tiltenkt i kommunens budsjett for 2021 og 2022.»

Toppe avsluttar med å oppmode til god dialog mellom kommunar og kyrkjelege fellesråd.

Oslo løyver 10 millionar

Nyleg blei det kjent gjennom Vårt Land at Oslo kommune i det reviderte budsjettet sitt løyver 10 millionar i ekstratilskot til kyrkja for å kompensere for høge straumprisar.

– Mange kyrkjelege fellesråd ventar framleis på svar frå kommunen sin. Eg vil eg råde disse fellesråda til å vise til brevet frå statsråden og samtidig løfte fra Oslo og andre kommunar som nå har kome på banen med ekstra løyvingar, seier Marit Brandt Lågøyr i KA.

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone