– Regjeringa syner at dei meiner alvor med å satse på kyrkjene ved å sette av 300 millionar i tilskot for 2025, seier Oddbjørn Eide, dagleg leiar i kyrkjebevaringsfondet.
Det er varsla ei gradvis opptrapping til 500 millionar etter at startskotet gjekk i 2024, slik skal det sikrast at det er tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse for å gjennomføre prosjekt som er planlagt.
– Det er veldig godt å sjå at kyrkjebevaringsfondet er oppe og står, seier riksantikvar Hanna Geiran, som er fungerande styreleiar for kyrkjebevaringsfondet.
127 søknadar knytt til prosjekt på totalt 116 kyrkjer vart innvilga i denne runden.
– Treng fleire dyktige handverkarar
I samband med tildelinga besøkte Geiran og Eide Johanneskirken i Bergen. Kyrkja er bygd i teglstein og er ein av få kyrkjer av denne typen i landet.
For bergensarar og besøkande i byen er ho eit landemerke. No står kyrkja føre ei omfattande restaurering. Kyrkja fekk 11,2 millionar i tilskot i 2024, og denne veka kom tilsagn for 58,5 millionar i 2025 frå Kyrkjefondet.
– Kyrkjene er både prakt- og bruksbygg, og vi treng fleire dyktige handverkarar til å utføre vedlikehalds- og restaureringsarbeid i tida som kjem, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Difor arbeider vi parallelt med tiltak i vår eigen handverksstrategi. No er tida verkeleg moden for dei som ønskjer å satse på restaurering og tradisjonelle handverk, seier Geiran.
Fondet har tre program: Mellomalderkyrkjer, kyrkjer frå perioden 1537-1850 og kyrkjer bygd etter 1850.
«Kunnskap og kompetanse»
Under kvart av desse programma har ein følgjande innsatsområde:
I denne runden vart det for første gong delt ut tilskot til prosjekt under det andre innsatsområdet «Kunnskap og kompetanse»:
– I år deler vi også ut tilskot og tilsegn til prosjekt der utvikling av kunnskap og kompetanse er føremålet, seier dagleg leiar Oddbjørn Eide.
14 slike søknadar vart innvilga, medan åtte vart avslått.
– Dette er tilskot som både skal sikre og heve kvaliteten på arbeidet som gjerast på kyrkjene. Difor ønskjer vi at handverkarar, rådgjevarar og dei som forvaltar kyrkjene søkjer gjennom ordninga, slik at kunnskapen blir betre og utviklast i alle ledd, seier Eide.
Fleire ulike prosjekt og problemstillingar
Kyrkjene er sårbare kulturminne, og det er mange ulike problemstillingar knytt til restaureringa av dei. Dette speglar seg også i søknadane som er komne inn til fondet.
– Det skal bli spanande å følgje prosjekta framover. Fleire har lagt opp til formidling og deltaking med virtuelle omvisingar, formidling gjennom sosiale medium og opne dagar i prosjektperioden, seier Eide.
I år er det mellom anna gitt tilskot til store malingsprosjekt som inkluderer vasking og skraping. Nokon skal restaurere grunnmur og berande konstruksjonar. Det skal takast ned skifer frå tak, tekkast med kobbar og fugast på nytt. Og, ikkje minst, er det gitt tilskot til viktige tiltak som brannsikring og universell utforming.
– Vi gler oss saman med kyrkjene som har fått tilskot, og er trygge på at kyrkjeløftet byggjast på fjell og ikkje sand, seier Eide.
Sjå kven som fekk tilskot i denne runden på Riksantikvaren sin nettside.
FAKTA: Kyrkjebevaringsfondet