KYRKJELØFTET ER I GONG:

Går frå kyrkjeverje til leiar av Kyrkjebevaringsfondet

Oddbjørn Eide blir dagleg leiar av programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet. Foto: KA
Publisert: 28/06/2024
Oddbjørn Eide skal leie programsekretariatet for Kyrkjebevaringsfondet. – Har både kompetansen, erfaringa og nettverket, seier KA-sjefen.

– Oddbjørn Eide har brei erfaring som leiar og har god innsikt i vedlikehaldsutfordringar i kyrkjesektoren, seier Turid Kolstadløkken, avdelingsdirektør hjå Riksantikvaren.

– Han har stort engasjement for vern og bruk av kyrkjene, og vi gleder oss til å få han med på laget. 

Bidra til bevaring

Eide har lang fartstid frå kyrkjeforvaltning som kyrkjeverje i Stjørdal dei siste tolv åra. Han er også nestleiar i styret for Hovedorganisasjonen KA, arbeidsgivarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder.

– Gjennom mine tolv år som kyrkjeverje har eg kjend på det store ansvaret som ligg i å ha ansvar for våre fantastiske kyrkjebygg, seier Eide.

– Eg håper å kunne bidra til at fondet blir ei viktig støtte for å ivareta kyrkjene våre og lette byrda for kyrkjeeigarane. Kyrkjene våre er berarar av vår felles tros- og kulturarv, og å få bidra til bevaringa deira gjennom denne stillinga er noko eg ser fram til.

– Eit viktig symbol

Administrerande direktør i KA, Marit Halvorsen Hougsnæs, gratulerer Eide med jobben.

– Oddbjørn Eide har både kompetansen, erfaringa og nettverket som trengst, seier ho.

– At det blei ei kyrkjeverje som fekk stillinga som dagleg leiar er dessutan eit viktig symbol og ei anerkjenning av kva kompetanse som er avgjerande for at bevaringsprogrammet skal lykkat.

Programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet skal ha sete i Trondheim og er leia av Riksantikvaren. Sekretariatet vil bestå av dagleg leiar og skal ha totalt tolv tilsette frå samarbeidspartnarane i arbeidet med kyrkebevaringsfondet.

Startar 16. september

Sju av dei tilsette kjem frå Riksantikvaren, mens Hovedorganisasjonen KA og Den norske kyrkja har tre og 1,5 tilsette  i sekretariatet.

Oddbjørn Eide startar i stillinga som dagleg leiar 16. september.

Programstyret for kyrkjebevaringsfondet er leia av Den norske kyrkja ved preses Olav Fykse Tveit, medan Riksantikvaren har tre plassar i styret, og Kyrkjerådet og Hovedorganisasjonen KA har ein representant kvar.

Les om tilskotsordningane på nettsida til Riksantikvaren

Sjå opptak av webinar for kyrkjeeigarar 27. juni 2024

 

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone