Folk i KA: Eldbjørg Leinebø Ekre

I tillegg verdset eg at det i KA er kultur for deling av kompetanse, og at det alltid er noko nytt å lære, seier Eldbjørg Leinebø Ekre om jobben som seniorrådgjevar. Foto: KA
Publisert: 14/11/2019
– KA er flinke til å finne gode løysingar på samansette problemstillingar, seier seniorrådgjevar Eldbjørg Leinebø Ekre.

Kven: Eldbjørg Leinebø Ekre (51), seniorrådgjevar i avdeling for sektorpolitikk og styring

Bustad: Ringsaker

Familie: Mann og tre vaksne barn, ei svigerdatter, får til sommaren ein svigerson

Likar: Natur, kultur og særleg kor og song. Likar familie, venar og feriar (som ofte er på setra i Skåbu eller på Sunnmøre).

Fartstid i KA: Tilsett frå 1. mai i år

Viktigaste arbeidsoppgåver: Kompetanseheving (kurs/etterutdanning/vidareutdanning/stipendordningar) for tilsette innan undervisning og kyrkjemusikk. Dette skjer i nært og godt samarbeid med fagforeiningane og dei ulike lærestadane. Det partsamansette arbeidet i KA er heilt sentralt for å kunne arbeide fram gode kompetansetiltak.

LES MER: Gjør opplæringstiltak mer tilgjengelige med ny nettside

Korleis vil du skildre KA som organisasjon?
– KA er ein organisasjon som verdset kompetanse, både i «høgde og breidde». KA har evne til å tenke analytisk og arbeide systematisk. Eg trur at KA sin breie kompetanse og evne til å sjå saker frå fleire sider, vil vere viktig i arbeidet med nyorganisering av Den norske kyrkja. KA er flink i å finne gode løysingar på samansette problemstillingar.   

Kva kan du hjelpe medlemane med?
– Eg kan vegleiie kring kompetansekrav og utdanning for tilsette i kyrkjefaglege stillingar. Eg kan leggje til rette for kurs/fagdagar, også lokalt i fellesrådsområde/prosti.

Kva blir det viktigaste for KA framover?
– Å oppretthalde fokus på høg og brei kompetanse i organisasjonen. I tillegg må KA fortsette arbeidet med å ta godt vare på alle medlemmane sine. Det siste vil vere særleg viktig i ei tid med store omstillingar i kyrkjelandskapet.

Kva er det beste med å jobbe i KA?
– Det aller beste er alle dei hyggelege folka, og det er alltid god stemning rundt lunsjbordet. I tillegg verdset eg at det i KA er kultur for deling av kompetanse, og at det alltid er noko nytt å lære.

Møt fleire KA-folk her!

Sjå alle tenestene våre!

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone