Fjell sokneråd blir miljøfyrtårn

Publisert: 23/10/2006
Oppdatert tysdag 24. okt med bilete frå overrekkinga av miljøsertifikatet
Fjell sokneråd har ansvar for tre kyrkjer og er det første kyrkjelege fellesrådet i landet som blir sertifisert som miljøfyrtårn. Dette vert markert tysdag 24 oktober kl 13 i Foldnes kyrkje.

Det er kommunen som har mynde til å sertifisere, dette skjedde i mai då soknerådet etter nærare 1,5 års forarbeid var klar. Tysdag 24. oktober skal ordførar Jan Utkilen overrekke miljøsertifikatet som ei endeleg stadfesting på soknerådet si satsing på miljø.

Det er stiftelsen Miljøfyrtårn som har utarbeidd bransjekrava som no gjer det mogleg og for kyrkjelege fellesråd å få eit slikt miljøstempel. I Fjell er både kyrkjer, kyrkjegardar og felleskontoret til dei tilsette ein del av denne miljøsertifiseringa. Mellom anna har no besøkjande på kyrkjegardane i kommunen høve til å sortere avfall, det er installert varmepumpe i ei av kyrkjene og i alle kyrkjer og på kyrkjekontoret vert det berre servert "rettferdig" kaffi og te.

Denne måten å arbeide systematisk med miljøspørsmål på kan både gjere kyrkja meir medveten på eige miljøansvar, men og vere med å motivere andre i lokalsamfunnet til felles innsats for miljøet.

- For kyrkja er ansvar for miljøet djupast sett ei forplikting vi ikkje kan unngå å ta på alvor, seier kyrkjeverje i Fjell Sissel Vartdal. Det kyrkjelege miljøengasjementet er ikkje av ny dato; kyrkjemøtevedtak frå 1996, 2001 og 2003 om "forbruk og rettferd" understrekar alle vårt forvaltaransvar i sterke ordelag. Den norske kyrkja er gjennom sine 1300 sokn ein stor forvaltar, men og ein stor forbruker. For at kyrkja skal kunne vere ei tydeleg og truverdig røyst i miljøkampen treng vi først å feie for eiga dør, avsluttar Vartdal.

Eit utval varer merka FAIRTRADE vert presentert under markeringa.

Rapporten som er utgangspunkt for arbeidet fram mot sertifiseringa

Meir informasjon om Miljøfyrtårn

Del i sosiale medier:
Relaterte artikler
Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone