- Lovar godt for eit livskraftig og sterkt landsråd

Engasjement og gode diskusjonar på gårsdagens kontaktmøte i Agder og Telemark bispedøme.
Publisert: 18/01/2017
"Dette lovar godt for eit livskraftig og sterkt landsråd i KA dei neste fire åra." Øystein Dahle deltok i går på det siste i serien av kontaktmøte før landsrådet i april.

Gjennom hausten og vinteren har det vore kontaktmøte i alle bispedøma for at alle lokale organ i Den norske kyrkja kan velje sine delegatar til KA sitt landsråd i april. Møtet i går var i Kristiansand og gjaldt Agder og Telemark bispedøme. Her var det både engasjement og gode samtalar i følge Øystein Dahle i KA.

Val av landsrådsrepresentantane går føre seg på regionale kontaktmøte som blir arrangert i bispedømevis. Kyrkjerådet vel representantar for rettssubjektet Den norske kyrkja og organisasjonsmedlemmene vel sine delegatar som eiga gruppe.

Alle dei regionale kontaktmøta i bispedøma er no avvikla. I tillegg til val til landsråd var det på kontaktmøta høve til å diskutere KA sin politikk og fagleg program. Her var tema mellom anna rådsopplæring med fokus på leiarløn/leiarsamtale, og forholdet mellom kyrkjeverje og leiaren i fellesrådet.

- Lovar godt for eit livskraftig og sterkt landsrådKontaktmøte i Sør-Hålogaland gjekk føre seg i Bodø i oktober Det blir meldt om god deltaking og interessante diskusjonar på møta. Landsrådet i KA finn stad på Gardermoen 24-25. april.

Del i sosiale medier:

Powered by Cornerstone