Kyrkjer kan gi arbeid når oljen sviktar

Mandal kirke. Foto: Torgeir Haraldstad, Agderrestaurering.no
Publisert: 25/08/2016
«Olje- og gassnæringa kjem til å bety mindre,» sa statsminister Erna Solberg på Politisk kvarter i NRK i dag og vil satse på omstilling. Vedlikehald av kyrkjer vil vere særleg godt egna til å stimulere verksemder som blir råka av nedgangen i oljeindustrien. Det skriv KA og to av bransjeorganisasjonane som merkar konsekvensane av redusert oljeaktivitet, i eit felles brev til finansministeren.

Det er KIS – Korrosjons-, Isolerings- og Stillasentreprenørenes forening og SOFT Samarbeidsorganet for tilkomstteknikk som saman med KA har skrive brev til finansminister Siv Jensen og kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Her peikar dei tre organisasjonane på at regjeringa har lagt vekt på å stimulere aktivitet innanfor bygg og infrastruktur for å dempe verknadene av nedgangen i oljeindustrien.

Organisasjonane peikar på at kyrkjebygga si spesielle utforming krev spesiell kompetanse ved vedlikehald og restaurering. Tårn, bratte og store takflater, og bygga sin spesielle arkitektur gjev krevjande tilkomst både innvendig og utvendig. Alder og kulturminneverdiar kan også stille spesielle krav til arbeidsform og teknikkar.

Det er derfor ein grad av overlapping mellom tenester som blir brukt til vedlikehald, inspeksjon og restaurering av kyrkjebygg, og tenester som blir brukt i oljerelatert industri, skriv dei tre organisasjonane. Derfor er satsing på kyrkjebygg særleg godt egna som tiltak for å treffe verksemder som er råka av lågare oljeaktivitet.

I brevet oppmodar dei regjeringa til å prioritere vedlikehald av kyrkjebygg. Det vil både bidra til å redusere etterslep på vedlikehald av dei store kulturminneverdiane som kyrkjebygga representerer, og det vil styrke sysselsettinga i bransjar som no blir råka av nedgang på grunn av lågare oljepris.

Kommunane sitt ansvar for å finansiere kyrkjebygga vidarefører ein god tradisjon der kyrkjebygga er lokalsamfunnet sitt ansvar. Dei tre organisasjonane peikar på at det likevel er brei semje om at det trengs statlege bidrag for forvalte verdiane som kyrkjebygga representerer.

Du kan lese brevet som vedlegg til artikkelen.

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone