Statsråden hentar fram forslaga frå Lae-utvalet

Kulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland. Foto: Thomas Haugersveen, Statsministerens kontor
Publisert: 03/03/2016
Kulturminister Linda Helleland signaliserer no at regjeringa vil vurdere forslaga frå Lae-utvalet på nytt. Øystein Dahle i KA er nøgd, men meiner forslaga bør handsamast no, og ikkje bli utsett til arbeidet med ny lovgjeving for trus- og livssynsamfunn.

Rapporten frå det offentlege utvalet bar tittelen Lik og likskap, og skulle vurdere avgifter og betaling på gravferdsområdet. Rapporten var ute på høyring i 2014. Høyringa viste brei støtte til fleire av forslaga. Sidan har lite skjedd, og daværande kulturminister Thorhild Widvey stadfesta i juni i fjor at regjeringa ikkje ville følge opp hovudforslaga i rapporten.

No har stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (AP) stilt eit skriftleg spørsmål til den nye kulturministeren om oppfølginga av utgreiinga. I Helleland sitt svar signaliserer kulturministeren at regjeringa vil vurdere forslaga frå Lae-utvalet på nytt. Ho slår mellom anna fast at fleire av forslaga er godt grunngjeve og at dei har fått stor støtte frå høyringsinstansane.

Kulturministeren vel likevel å skyve oppfølginga av utgreiinga over til arbeidet med ny lovgjeving for trus- og livssynssamfunn.  I svaret skriv Helleland mellom anna:

«I Prop. 55 L (2015-2016) er det meddelt at departementet "[e]tter at den foreslåtte forvaltningsreformen [omdanning av Den norske kyrkja til eit eige rettssubjekt m.m.] er gjennomført" vil følgje opp denne oppmodinga frå Stortinget i arbeidet med heilskapleg lov for alle trus- og livssynsamfunn, der ein mellom anna samla skal sjå på lovgjeving og ulike former for finansiering. Sidan hovudregelen er at gravplassforvaltninga ligg til kyrkjeleg fellesråd vil det vere naturleg at også finansieringa av denne inngår i ein slik samla gjennomgang.»

Øystein Dahle i KA, meiner det er bra at kulturministeren er positiv til å sjå på forslaga i Lae-utvalet på nytt. Han er imidlertid skeptisk til å knytte dette arbeidet til spørsmålet om lovregulering av trus- og livssynnssamfunn:
 

«Gravferdslova omhandlar gravferd for alle innbyggarane, uavhengig av tilknyting til trus- og livssynssamfunn. Spørsmålet om avgifter og betaling på gravferdsområdet bør bli behandla uavhengig av spørsmålet om finansiering og lovregulering av trus- og livssynssamfunn».

Statsråden hentar fram forslaga frå Lae-utvaletØystein Dahle Dahle fryktar at dei ønska endringane i gravferdslova no blir utsett ytterlagare i tid. Han meiner saka blir gjort meir komplisert enn naudsynt når den blir kopla til anna lovgjeving. Dahle er direktør i avdeling for utvikling og forvaltning i KA. I høyringsfråsegna ga KA støtte til dei fleste av forslaga frå Lae-utvalet. KA sin seniorrådgjevar Bjarne Kjeldsen har i eit innlegg i Aftenposten i august påpeika at eksplisitt skilnad i økonomisk handsaming mellom gravferdsformene, bør bli oppheva for oppretthalde truverdet i gravferdstenesta som eit likeverdig tilbod til alle.

Her kan du lese skriftleg spørsmål frå Bjørdal og svaret frå kulturminister Helleland.
Her kan du lese kronikk av Bjarne Kjeldsen, KA, i Aftenposten i august.

 

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone