Positive til løft for kyrkjebygg

Kirkebyggkonferansen 2015
Publisert: 22/09/2015
Høgre, Frp og KrF er positive til eit løft for kyrkjebygga i åra framover. Det kom fram da kyrkjebyggkonferansen opna mandag 20. september i Narvik.

 "Kulturarv i hardt ver" er tema for den nasjonale kyrkjebyggkonferansen i Narvik som finn stad mandag og tirsdag denne veka. Anders Tyvand frå KrF viste til at KrF og Senterpartiet har fremja forslag om ein forsterka strategi for statleg satsing på kyrkjebygg. Forslaget inneber mellom anna ein forsterka strategi for å sikre freda og vervneverdige kyrkjer eit forsvarleg vedlikehaldsnivå. Forslaget har særleg fokus på steinkyrkjer frå middelalderen men også andre særleg viktige kyrkjer skal inkluderast. Kulturminnefondet er omtala som et mogleg verkemiddel for ei slik satsing. Norunn Benestad frå Høgre og Bente Thorsen frå Frp varsla at dei ville handsame forslaget med stor interesse.

I panelsamtalen kom det fram at dei kyrkjepolitiske talspersonane i både Høgre, Frp og KrF ønsker seg meir merksemd om kyrkjebygg. "Vi treng slike arenaer der ulike aktørar møtast og diskuterer kyrkjebygg". Det sa kyrkjepolitisk talskvinne i Høgre, Norunn Benestad. I panelsamtalen deltok også biskop Halvor Nordhaug, Gerd Karin Røsæg frå Kyrkjerådet og Marianne Bremnes som styreleiar i KS Troms.

Mandag var det dei nasjonale rammevilkåra som var tema. Statssekretær Bjøgulv Borgundvaag, riksantikvar Jørn Holme og direktør i kyrkjebyggavdelinga i KA Oddbjørn Sørmoen, var bland innleiarane.

Positive til løft for kyrkjebygg Oddbjørn Sørmoen løfta i foredraget sitt fram kyrkjebygga som ein sentral del av vårt felles minne og identitet og peika på det paradokset at berre 14 % av kyrkjebygga våre er freda, medan det same talet i Sverige er 87 %. 46 % av dei norske kyrkjene er såkalle listeførte, og rekna som verneverdige, men altså ikkje freda etter kulturminnelova. Sørmoen peika også på at forvaltninga er fragmentert og at det trengs betre samhandling mellom aktørane.

Professor Svante Beckmann fra Lindkôpings universitet ga ei interessant innføring i forholdet mellom stat, folk og kyrkjebygg i Sverige.

Konferansen blir arrangert i samarbeid mellom KA, Narvik kyrkjelege fellesråd, Sør-Hålogoland Bispedøme, Kyrkjerådet og Høgskolen i Narvik.

Konferansen held fram tirsdag med fokus mellom anna på klimaendringar og auka krav til bygg og vedlikehald.

Positive til løft for kyrkjebyggPositive til løft for kyrkjebygg

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone