Ulik forståing av rammelov

Publisert: 26/03/2015
"Kyrkjemøtet må no legge til grunn at eit vedtak der ein ber om ei såkalla kortfatta rammelov, inneber at finansieringsordningane og relasjonen kommune-kyrkje må opp til ny vurdering. Med uvisst utfall." Det skriv Øyvind Håbrekke i dette innlegget i Dagen 25. mars.

Ulik forståing av rammelovEg takkar for svaret frå statssekretær Borgundvaag i Dagen 19.3. Borgundvaag viser til at departementet enno ikkje har utreda Kyrkjemøtet sitt forslag om ei meir kortfatta rammelov for Den norske kyrkja. Dermed er det også for tidleg å konkludere om konsekvensane. Det er forståeleg. Det ser likevel ut som om kyrkja og departementet har ulik forståing av kva ei slik rammelov inneber.

Statssekretæren skriv til slutt i sitt innlegg: «Departementet har gjort det klart at forslaget om en rammelov vil kreve utredning av en rekke spørsmål og at også ulike forslag om endringer i kirkens finansieringsordninger da vil måtte vurderes. Da, men ennå ikke.»

Her stadfester statssekretæren mitt hovedpoeng. Departementet kan gjerne meine at ein bør vente med denne diskusjonen. Men Kyrkjemøtet må no legge til grunn at eit vedtak der ein ber om ei såkalla kortfatta rammelov, inneber at finansieringsordningane og relasjonen kommune-kyrkje må opp til ny vurdering. Med uvisst utfall.

Kyrkjemøtet tek til om to veker. I Innstillinga går Kyrkjerådet inn for ei kort rammelov. Samstundes går dei inn for å ta vare på relasjonen kommune-kyrkje ved å vidareføre dagens modell for kommunal finansiering. Om statsråden meiner at desse to krava ikkje kan kombinerast, bør ho gjere det klart for Kyrkjemøtet.

Øyvind Håbrekke

Kommunikasjonssjef i KA

 

Innlegget sto på trykk i Dagen 25. mars.

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone