Frivilligheitserklæringa

Publisert: 26/08/2015

KA har motteke frivilligheitserklæringa med invitasjon til å kome med høyringsfråsegn.

Innleiingsvis er det grunn streke under verdien av at regjeringa gjennom dette initiativet syner at den verdset frivilligheita og arbeider for gode rammevilkår for frivillige organisasjonar. Det synest no å vere brei politisk semje om dette og det legg eit godt grunnlag for politikk for gode og stabile rammevilkår på dette området.

Det blir sagt mye godt om frivilligheit i erklæringa. Her kan ein slutte seg til det meste, men samstundes kan det også vere grunn til å reflektere og stille nokre spørsmål. Menneska sitt daglege virke i fellesskap med kvarandre inneber mange slag bidrag til sosialt liv. Dette livet og dette daglege virke kan ha både karakter av organisert og uorganisert verksemd, og har eksistert til alle tider, uavhengig av staten. Frivilligheita er derfor noko meir, og meir grunnleggande, enn berre ein av fleire sektorar i eit samfunn. I iveren etter å sete ord på det positive ved frivillig verksemd kan ein stå i fare for å avgrense frivilligheita og miste nokre grunnleggande premissar.

Frivilligheit, organisert, uorganisert, og alt som er i gråsona mellom desse kategoriane, skal og kan aldri bli eit supplement til offentleg verksemd. Det er ein grunnleggande del av menneska sitt liv og virke, og ein naturleg del av sosiale felleskap.

KA vil tilrå at ein arbeider vidare med formuleringane i erklæringa, i særleg grad innleiingsavsnitta, med blikk på dette.

KA viser til at erklæringa legg opp til at Frivilligheitsregisteret skal bli viktigare ved at fleire ordningar skal koblast opp til registeret.

KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon organiserer kyrkjelege verksemder og organisasjonar. Dei fleste av KA sine medlemmar er kyrkjelege fellesråd og sokneråd i Den norske kyrkja.

Den norske kyrkja og sokna er ikkje inne i registeret. Som ei av Noregs store folkerørsle, med 1280 sokn og 1625 kyrkjebygg rundt i heile landet, inneber det at registeret ikkje fangar opp heile bredda av frivilligheita. Det inneber også at til dømes forsking som tek utgangspunkt i registeret ikkje fangar opp frivillig arbeid i Den norske kyrkja.

For sokna og aktivitetane som går føre seg der, inneber det at ein mister tilgang på ulike ordningar som er meint å kome heile frivilligheita til gode.

Stat og kommune har i dag eit finansielt ansvar for delar av Den norske kyrkja si verksemd. Dette ansvaret er klart avgrensa, og omfattar m.a. prestetenesta, kyrkjebygg, gravferdsforvaltning og trusopplæring. Mykje av verksemda som blir drive i regi av dei mange lokale sokneråda har inga offentleg finansiering, blir drive av frivillige, og er finansiert gjennom innsamla og frivillige midlar. Det vil være problematisk om denne frivillige verksemda i Den norske kyrkja vil stå utanfor dei ordningane som omfattar verksemd som er registrert i Frivilligheitsregisteret.

KA har tidlegare kome med innspel på korleis ein kan løyse dei utfordringar denne problemstillinga reiser. Når regjeringa no legg opp til at Den norske kyrkja skal få ei meir sjølvstendig rolle og fleire ordningar skal koblast til Frivilligheitsregisteret, meiner KA tida er moden for å vurdere på nytt Den norske kyrkja sitt tilhøve til Frivilligheitsregisteret.

Med hilsen
KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Frank Grimstad

Del i sosiale medier:
Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone