Regjeringa vurderer finansieringa

Frank Grimstad, administrerande direktør i KA. Foto: Agnete Brun
Publisert: 31/10/2016
«Det er veldig positivt at Kulturdepartementet informerer og vel ei open linje,» seier Frank Grimstad i KA. Departementet inviterte nyleg til informasjonsmøte om den varsla gjennomgangen av finansieringsordningane for trus- og livssynssamfunn.

Regjeringa har varsla ein gjennomgang av finansieringsordningane. For tre veker sidan inviterte departementet til eit møte med innleiande presentasjon og uformelle samtalar. 6 representantar for Den norske kyrkja og 6 representantar for STL (Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn) var inviterte.

Kulturministeren har ved fleire høve, både i media og overfor Stortinget varsla at departementet i 2017 vil utarbeide eit høyringsnotat om ein ny og heilskapleg lov for trus- og livssynssamfunn. I dette inngår også utgreiing av alternative finansieringsløysingar for Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. I møtet la departement fram fem modellar dei vil sjå nærare på:

1. Vidareføring av dagens ordning for Dnk. Statleggjering av tilskot til andre trus- og livssynssamfunn.

2. Endringar for Den norske kyrkja for å oppnå fridom i lokal organisering. Statleggjering av tilskot til andre trus- og livssynssamfunn.
Fortsatt statlege og kommunale tilskot til Dnk som i dag, men mindre regulering. Inga lovregulering av kyrkjelege fellesråd. Dnk kan innføre medlemsavgift som supplement til statleg finansiering.

3. Statleg modell
Statleggjering av tilskot til alle trus- og livssynssamfunn, inkl. Den norske kyrkja. Kyrkjemøtet fordeler midlane til Dnk. Dnk avgjer eiga organisering. Dnk får ansvar for drift av kyrkjebygg. Dnk kan innføre medlemsavgift.

4. Livssynsavgift
Livssynsavgift for alle skattebetalarar. Staten avgjer innretning og storleik.

5. Medlemsavgiftsmodell
Medlemsavgift som erstattar offentleg finansiering. Staten kan ta på seg innkreving til Dnk, og evt andre.

Regjeringa vurderer finansieringaGildeskål gamle kyrkje er bygd i år 1130 og ligg i Gildeskål kommune. Foto: Kyrkjesøk

Dette er KA si kortfatta gjengiving av modellane som vart lagt fram i litt meir utfyllande form i møtet. Gravplassforvaltninga vil også bli vurdert i arbeidet. I desse alternativa er denne tenesta lagt til kyrkja i modell 1 og til kommunen i modell 2, 3 og 4, evt ei speglvending der kommunane kan overføre ansvaret til Dnk.

Departementet slår fast at Grunnlova si §16 står fast. Paragrafen seier mellom anna at Den norske kyrkja «står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten.» Det kan innebere at modell 5 ikkje blir aktuell utan endringar i Grunnlova.

«KA ser behovet for å gå gjennom lovverket på dette feltet. Det er bra at Grunnlova står fast, og at dette er grunnlaget for gjennomgangen,» seier Grimstad og viser til at Stortinget også har vore tydelig på Den norske kyrkja si særstilling ved fleire høve det siste året. «Som arbeidsgjevarorganisasjon for alle fellesråda i landet ser vi at banda mellom kyrkje og lokalsamfunnet er slitesterke,» seier Grimstad.

Vi går inn i dette med ope sinn, samstundes som vi merker at kommunane si rolle overfor den lokale kyrkja står sterkt

Grimstad viser til høyringar dei siste åra har vist at massiv oppslutning om dagens relasjon mellom kommune og kyrkje, og at kyrkja si fridom til å velje anna lokal organisering er underordna verdien av denne relasjonen til kommune og lokalsamfunn. «Store endringar på dette området må derfor ha ei god grunngjeving. Her er det viktig å tenke seg godt om og sjå grundig på kva endringar vil innebere for folkekyrkja på lang sikt,» seier Grimstad.

«Vi går inn i dette med ope sinn, samstundes som vi merker at kommunane si rolle overfor den lokale kyrkja står sterkt,» seier Grimstad. «Når prosessen no er i gang må også vi gå gjennom gamle posisjonar og tenke gjennom problemstillingane på nytt. KA førebur seg på dette og arbeider med eit innspel til departementet på nyåret,» seier Grimstad.

Departementet varslar at dei vil sende eit lovforslag ut på høyring i juni neste år. Det inneber at Stortinget tidligast kan vedta eit nytt finansieringssystem i 2018.  «Det er positivt at departementet er tydeleg på at dei ønsker innspel. Vi treng brei offentleg diskusjon. Dette er kyrkje-, livssyns- og kulturpolitikk i brei forstand,» avsluttar Grimstad.

Regjeringa vurderer finansieringaKulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland. Foto: Thomas Haugersveen, statsministeren sitt kontor.

 

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone