Høring - finansiering av private barnehager

Publisert: 04/09/2015


Hvilken finansieringsmodell ønsker dere?  
Nasjonal sats med lokal justering
KA viser til høyringsnotatet av 22. mai .d.å om finansiering av private barnehagar. KA er arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon for kyrkjelege organ og verksemder med kyrkjeleg forankring. 22 arbeidstakarorganisasjonar har partsforhold i KA sitt avtaleverk. KA har om lag 550 medlemmer. Dei kyrkjelege fellesråda i Den norske kyrkja utgjer den største delen av medlemsmassen. Sokneråd med arbeidsgjevaransvar og andre organisasjonar med kyrkjeleg forankring er også medlemmer. Nokre av desse kyrkjelege organa er barnehageigarar. Vi har også m.a. eigne stiftelsar som eig og driv barnehagar som medlemmar.

KA ser det som viktig at Utdanningsdirektoratet har utgreia og sendt på høyring spørsmålet om finansiering av private barnehagar. Dagens modell er forbetra gjennom endringa som blei gjort gjeldande frå 1.1.2015, men kompleksiteten gjer det naudsynt å vurdere om det finst betre alternativ.

KA ser at det finst gode argument for begge dei to hovudmodellane som er presentert i høyringsnotatet. Vi landar likevel på at ein nasjonal sats samla sett vil vere ei betre løysing.
Eit sentralt argument mot dagens modell er kompleksiteten knytta til å berekna barnehagekostnadene i kvar enkelt kommune. Sjølv om systemet er utvikla gjennom rettleiing og klargjering sidan innlemminga i rammeoverføringa i 2011, så skaper kompleksiteten i berekninga ein lite tilfredsstillande situasjon for private barnehagar. Dette gjeld ikkje minst mindre aktørar som har mindre kapasitet til å vere ein kompetent motpart til kommunen i kompliserte spørsmål om kommunale kostnadsberekningar.
Barnehagefeltet er ein sentral del av kommunal forvaltning, og private barnehagar står for om lag halvparten av tilbodet på denne sektoren. Både omsynet til god og ryddig kommunal forvaltning og omsynet til oversiktlege og klare rammevilkår for private barnehageeigarar talar for løysinga med nasjonal sats.

Høyringsnotatet peiker på at nasjonal sats kan gi utilsikta utslag i form av at den nasjonale satsen ikkje reflekterer kostnadsstrukturen i den enkelte kommune som kan gi utilsikta incentiv for den vidare utvikling av sektoren. KA ser ikkje bort frå at det kan ligge slike effektar her. Samstundes vil vi minne om at struktur, storleik og innretning av barnehagetilbodet også innan den enkelte kommune kan variere vesentleg. Om ein privat barnehage drive av ein kyrkjelyd i kommunen er vesentleg mindre enn dei kommunale barnhagane kan dette gi uheldige utilsikta utslag i berekninga av tilskot ved dagens modell.
Nasjonal sats med lokal justering gir også innsparing i kommunal administrasjon.
KA sin konklusjon er derfor at denne modellen gir dei mest transparente og ryddige vilkåra for private barnehageeigarar.

Støtter dere vårt forslag om å gi påslag for pensjonsutgifter?
Ikke besvart.

Støtter dere forslaget om en søknadsbasert ordning for barnehager med særlig høye pensjonsutgifter?
Ja

Høyringsnotatet peiker på at tilsette i barnehagar tilslutta KA har ein pensjonsordning basert på reglane for offentleg tenestepensjon for sine tilsette. 

Direktoratet spør derfor om det bør innførast ei søknadsordning for barnehagar med særleg høge pensjonsutgifter innan 2015. Barnehagen må også framleis ha særleg høge pensjonsutgifter etter 2015 for å bli omfatta av ei slik ordning. Direktoratet foreslår at kommunen etter søknad frå barnehagen kan gjere ei skjønnsbasert vurdering om det bør gis auka tilskot.

KA vil gi honnør til direktoratet for at denne problemstillinga er adressert i høyringsnotatet. KA meiner den modellen høyringsnotatet foreslår er ei god løysing på utfordringa for desse barnehagane. Løysinga er fleksibel utan å medføre unødvendige administrative kostnadar.
KA vil peike på at ei betydeleg utfordring for barnehagar med offentleg pensjonsordning er knytta til dei historiske pensjonskostnadane. Dette er forpliktingar som er opparbeidd også for tidlegare arbeidsforhold, og kan utgjere ein vesentleg ekstra kostnadsfaktor for desse barnehagane. KA legg til grunn at den søknadsbaserte ordninga som høyringsnotatet foreslår, inneber høve til å gi tilskot som reflekterer desse forpliktingane.
KA vil også nemne at vi har forståing for PBL sin posisjon om at det i ein overgangsfase gis tilskot til dekning av pensjonskostnadar etter rekning.

Spørsmål 8. Støtter dere at tilskuddet til åpne barnehager kun beregnes ut fra nasjonal sats?
Ja

Dei opne barnehagane representerer ein liten, men viktig del av barnehagemangfaldet. Dei gir eit tilbod som når andre grupper enn det øvrige barnehagetilbodet gjer. Det er derfor viktig at det blir lagt til rette for gode og stabile vilkår for drift av opne barnehagar.

KA støttar også at barnetalet i godkjenninga til den enkelte opne barnehage blir grunnlaget for berekning av årleg tilskot.

KA støttar vidare PwC si anbefaling om retningslinjer for kva som ligg i minimumstilbod, krav til teljing og dokumentasjonsplikt.

Når det gjeld opne barnehagar vil KA også vise til høyringssvar frå IKO.

Del i sosiale medier:
Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone