Høyringsnotat om "Lov om helligdager og helligdagsfred"

Publisert: 21/07/2015

 

Vi viser til høyringsnotat av 27. mars 2015 med forslag til endringar i «lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred (helligdagsloven) § 5 om salg fra faste utsalgssteder».

KA har ikkje fått saka som høyringsinstans. Saka er relevant for verksemdene vi representerer og vi tillet oss å sende høyringsnotat på vegne av desse.

KA er arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon for kyrkjelege organ og verksemder med kyrkjeleg forankring. 22 arbeidstakarorganisasjonar har partsforhold i KA sitt avtaleverk. KA har om lag 550 medlemmer. Dei kyrkjelege fellesråda i Den norske kyrkja utgjer den største delen av medlemsmassen. Sokneråd med arbeidsgjevaransvar og andre organisasjonar med kyrkjeleg forankring er også medlemmer.

KA sine medlemmer legg gjennom gudstenester og kyrkjeleg verksemd til rette for dei aktivitetar og tilbod som tradisjonen bak heilagdagsfreden og lova har utgangspunkt i. Kyrkjelydsfelleskap, gudstenester, og samlingar i kyrkjeleg regi vidarefører tradisjonar som går hundrevis av år tilbake i lokalsamfunna. Desse samlingane og aktivitetane utgjer betydelege innslag i lokalmiljøa over heile landet og er også ein viktig del av det lokale kulturlivet. Samlingar er spreidd utover vekedagane og tidspunkta er tilpassa ulike målgrupper. Søndag er gudstenestedag i kyrkjer landet over, der ein gjerne ønsker å samle heile kyrkjelyden på tvers av generasjonar.

Gudstenester blir arrangert i eit samarbeid mellom tilsette og  frivillige. Departementet sitt forslag om generell opning for søndagsopne butikkar vil påverke vilkåra for slike felles samlingar i kyrkjelyd og lokalsamfunn.

Vi viser til formålsparagrafen i lova, §1, der det heiter:

«For å verne om det gudstjenestelige liv og den alminnelige fred på helligdager og for å gi høytiden ro og verdighet, skal det være helligdagsfred i samsvar med reglene i denne lov.»

Vidare heiter det i § 3:
«På helligdag fra kl 00 til kl 24 samt påske-, pinse- og julaften etter kl 16 skal det være helligdagsfred som ingen noe sted må forstyrre med utilbørlig larm. Ved kirke eller gudstjenestested er det mens helligdagsfreden varer ikke tillatt å forstyrre gudstjenesten med unødig larm eller arbeid eller annen forstyrrende virksomhet.»

KA meiner det er grunn til å spørje om forslaget er i strid med desse paragrafane. Lova vil med dei endringane som er føreslått framstå usamanhengande og lite konsekvent.

«Lov om helligdager og helligdagsfred» har sitt utgangspunkt i ein tradisjon som har forma liva til einskildmenneske, lokalsamfunna og nasjonen gjennom tusen år.

KA merkjer seg også at departementet i høyringsnotatet legg stor vekt på den einskilde sin valfridom og i liten grad tek ei fellesskapstilnærming til heilagdagsfred og lovgjevinga om dette.

Kvardag og helg utgjer ein felles puls som er viktig både for den einskilde og for fellesskapet. KA meiner det er ein vesentleg mangel ved høyringsnotatet at konsekvensane av endringane ikkje er drøfta ut frå ei djupare forståing av verdien ein så tungt forankra tradisjon som denne vekerytmen representerer.

Heilagdagsfreden og vekerytmen som følger med denne, er forankra i den kristne tradisjonen og historia vi som samfunn er ein del av. Ein felles vekerytme har likevel verdi på tvers av tru og livssyn, og den offentlege samtalen om regjeringa sitt forslag har synleggjort brei motstand mot forslaget ut frå ulike allmenne omsyn. Det gjeld mellom anna omsyn til familieliv, frivilligheit og miljøkonsekvensar.

KA er kritisk til at konsekvensane for desse nemnde omsyna ikkje er vurdert grundigare i høyringsnotatet og i liten grad blir lagt vekt på i vurderingane. Balansen mellom omsynet til eit produktivt arbeidsliv og arbeidstakarane sitt behov for fritid og familieliv er eit sentralt element i arbeidslivspolitikken. Med departementet sitt forslag vil fleire familiar miste felles fridagar og denne balansen blir dermed påverka i negativ retning.

Departementet viser også til at reglar for unnatak er omdiskutert. KA meiner desse utfordringane må handterast på andre måtar i dialog med dei bransjane dette gjeld, og at desse utfordringane ikkje på nokon måte kan rettferdiggjere å sjå vekk frå dei negative samfunnsmessige konsekvensane som forslaget inneber.

Det alternative forslaget om å la den einskilde kommune avgjere desse spørsmåla vil skape ein uheldig dominoeffekt der vedtak om søndagsope i ein kommune legg press på nabokommunar som i utgangspunktet ikkje ønsker å opne for dette. Dei innvendingane som vi har peika på ovanfor, vil også til fulle gjelde det alternative forslaget. Nasjonale styresmakter bør ikkje fråskrive seg ansvaret for å verne om så sentrale tradisjonar og fellesskapsverdiar som dette handlar om.

KA støtter ikkje forslaga i høyringsnotatet.


KA
 
Frank Grimstad

Del i sosiale medier:
Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone