Landsrådet i KA har fatta slikt vedtak om kontingent for 2008:
1. KA skal ha kontingentsatsar og medlemsskapstilbod som er konkurransedyktige i forhold til konkurrerande organisasjonar.
2. Kontingenten skal fastsetjast i forhold til arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget.
3. KA sine samla kontingentinntekter skal ikkje reduserast, men om mogeleg ha inntil 5 % vekst som ein konsekvens av ein omlegging av satsane.
4. Det skal innførast ein minstesats på under kr.1.000 for ein type ”assosiert medlemsskap” som kan gje KA ei breiare kontaktflate og som vil gje medlemmane rimeleg tilgang til informasjon og kjøp av tenester.
5. Styret bør sjå til at ingen medlemmer får urimeleg stor kontingentauke ved ein omlegging av kontingentsatsane.
Med bakgrunn i dette vedtaket, har styret fastsett kontingentsatsar for 2008, slik:
1. For kyrkjelege fellesråd og for sokneråd i kommunar med 1 sokn:
Utrekninga skjer på grunnlag av arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget
9,0 promille av dei fyrste 5 mill. kr.
6,0 promille av dei neste 10 mill. kr.
3,0 promille av dei neste 60 mill.kr.
1,0 promille over 75 mill.kr.
Minimumskontingent kr. 7.500
2. For andre medlemmar :
Utrekninga skjer på grunnlag av arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget
5,0 promille av dei fyrste 5 mill. kr.
3,0 promille av dei neste 5 mill.kr.
1,5 promille over 10 mill. kr.
Minimumskontingent kr. 3.000
Bispedømeråd betaler minimumskontingent
3. Assosiert medlemsskap kr. 750
Den viktigaste endringa frå tidlegare, er at ”arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget” skal leggjast til grunn for utrekning av kontingenten. Dette samsvar med den praksis dei fleste andre arbeidsgjevarorganisasjonar har.
For kyrkjelege fellesråd vil KA innhenta arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget frå rekneskapstal som er innrapportert til SSB. I dei tilfelle der fellesråd ikkje har rapportera rekneskapet til SSB, vil KA leggja til grunn dei rekneskapstal som KKD har stipulert for desse fellesråda.
For andre medlemmer vil KA på nyåret be om at ein sender inn arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget. Det kjem fram på skjemaet ”Årsoppgave for arbeidsgjevaravgift – Fylgjeskriv til løns- og trekkoppgåver” som ein er pålagt å senda til Skatteoppkrevjaren saman med løns- og trekkoppgåvene for 2007.
Styret sikrar i sitt kontingentvedtak at ingen medlemmer får urimeleg kontingentauke av endra kontingentsatsar.
Jf. p 5 i vedtaket i KA LR-sak 07/07 om kontingent.
Frank Grimstad
adm. dir