KA-rundskriv 29/02 av 28. oktober 2002

Kontingent 2003

Publisert: 31/10/2002
Landsrådet i Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon fastset kvart år kontingentsatsar for det kommande året. For 2003 er den prosentsatsen som skal betalast, auka for A-medlemmer. Prosentsatsen for B-medlemmer og minstesatsane er uendra frå 2002.
Etter innstilling frå styret fatta landsrådet slikt vedtak :

Landsrådet i KA fastset fylgjande kontingent:

A - medlemmer i KA skal i 2003 betala slik kontingent til KA:
Minstesats kr. 7000.
Medlemmer som har lønsmasse pr.01.10.2002
- inntil 3,5 mill kroner, skal betala 1,1% av lønsmassen, men maks kr. 35.000,-.
- mellom 3,5 og 5 mill kroner, skal betala 1,0 % av lønsmassen, men maks kr. 42.500,-.
- mellom 5 og 10 mill kroner, skal betala 0,85 % av lønsmassen, men maks kr. 70.000,-.
- mellom 10 og 20 mill kroner, skal betala 0,70 % av lønsmassen, men maks kr. 120.000,-.
- mellom 20 og 30 mill kroner, skal betala 0,60 % av lønsmassen, men maks kr. 150.000,-.
- mellom 30 og 40 mill kroner, skal betala 0,50 % av lønsmassen, men maks kr. 160.000,-.
- over 40 mill. kroner, skal betala 0,4 % av lønsmassen.

B- medlemmer i KA skal i 2003 betala ein kontingent til KA som tilsvarer 0,74 % av lønsmassen som medlemmen har.
Styret fastset etter vurdering i kvart tilfelle kontingentsats for B-medlemmer som etter denne satsen får høgare kontingent enn kr. 10.000,-.
Minstesats for B-medlemmer er kr. 3000,-.

C - medlemmer betaler i 2003 kr. 3000,- i kontingent.
Styret kan etter vurdering i kvart tilfelle fastsetja høgare kontingent for C-medlemmer som ikkje er menighetsråd.


Det er dei kyrkjelege fellesråda som er A-medlemmar i KA.
Prosentsatsen er for dei fleste av desse auka med 0,1 % av lønsmassen. For dei med over 40 mill. kroner i lønsmasse, er kontingenten auka med 0,05 %.
Maksimumssatsane for dei ulike gruppene er justert slik at dei framleis korresponderer med minstebeløpet i neste kategori (maksimum for dei som har inntil 5 mill. kroner i lønsmasse = minstesummen for dei som har mellom 5 og 10 millionar kroner).
Dei A-medlemmer som betaler minstesats, har uendra kontingent.

Sokneråd i kommunar med fleire sokn, kristne organisasjonar og stiftingar som har overdratt partsansvaret til KA, er B-medlemmer i KA. Desse har uendra kontingentsats i 2003. Dei som etter ordinært vedtak, får høgare kontingent enn kr. 10.000,- får kontingenten fastsett av KA’s styre. Dette vil bli gjort i møte den 3.desember. Informasjon om vedtaket vil bli sendt ut i desember.

Medlemmer i KA som ikkje har arbeidsgjevaransvar eller som ikkje har overdratt dette til KA, er C-medlemmer i KA. Desse får uendra kontingentsats.


Frank Grimstad
adm. dir.
Del i sosiale medier:
Relaterte dokumenter

Powered by Cornerstone