KA-rundskriv 15/02 av 22. mai 2002

Rekruttering til kyrkjemusikk

Publisert: 24/05/2002
KA utfordrar sine medlemmer til å delta i lokal felles satsing knytt til rekruttering av kyrkjemusikarar.
Rekrutteringa til musikeryrket startar i ung alder. Difor er det turvande med innsats retta mot barn og unge. Ein vesentleg nøkkel til betra rekruttéring ligg i opprusting av kultur- og musikkskulane sitt tilbod om orgelundervisning. I forståing med Norsk kulturskuleråd og Musikernes fellesorganisasjon (mfo:) ynskjer KA å fokusera på kyrkjemusikktilbodet som samarbeidstiltak kyrkje og kulturskule imellom. Like signal går i dessa dagar ut frå nemnde instansar.

KA ser at ei satsing på rekruttering må gå føre seg både lokalt og sentralt, og med både kortsiktige og langsiktige mål. Ei lokal satsing er av dei langsiktige måla, då det handlar om å nå barn og unge med impulsar som kan skape interesse for det kyrkjemusikalske arbeidet. På sikt kan dette gi nye kyrkjemusikalske medarbeidarar.

KA utfordrar sine medlemmer til å delta i denne felles satsinga og la undervisning og rekruttering bli del av kyrkjemusikaren sitt ansvarsområde. Dette kan skje på fleire måter; ved at det vert lagt inn kyrkjemusikaren sin arbeidsavtale, ved at kyrkjemusikaren er timelærar eller ved å kombinera stillingar. Kyrkje og kulturskule kan også selja / byta tenester seg imellom på dette feltet.

La barn sleppa til
Ver romslege med å gi barn ansvar: Den jente eller gut som er ansvarlege nok til å ha nøkkel til heimen sin, er vanlegvis ansvarleg nok til å ha nøkkel til kyrkja for å kunna øve der. La orgelelevar få bidra i gudstenesta. Dette har for mange vist seg vera ein viktig innfallsvinkel til kyrkjeleg teneste. Etter kvart bør også dyktige orgelelevar bli brukte som vikarar.

Kontakt andre lokale aktørar
- i samarbeid med kyrkjemusikare, ta kon-takt med kulturskulen
- uttrykk ynskje om samarbeid
- kartlegg samarbeidsbehov
- kartlegg aktuelle område for samarbeid
Inviter til stillingssamarbeid
- kombinerte stillingar
- organisten som timelærer

Samarbeid om kyrkja og kyrkjas instrument
- stilla kyrkja og kyrkjelydens lokale og instrumenter til rådvelde for øving og undervisning
- opna kyrkja for elevkonsertar og for deltak-ing i gudstenester (familiegudstenester, skulegudstenester m.m.)
- la elevar på tasteinstrument og andre inte-resserte bli presentert for kyrkjemusikkens vesen og funksjon og orgelet som instru-ment.

I denne samanheng bør ein peike på den markante mangel på kyrkjemusikarar og at det her er gode høve til å gjera musikken til yrke og / eller bli brukt som vikar.

Ta kontakt no
Planane for neste skuleår vert langt på veg lagde før ferien. Ta difor sjølv kontakt med dei aktuelle parter for å få gang i sakene.

KA planlegg å gje meir utfyllande informasjon / rådgjeving om ulike sider ved samarbeidet mellom kyrkje og kulturskole (avtalar, stillings-samarbeid m.m.). Ta gjerne kontakt med KA med spørsmål som det er ynskjeleg å få klargjort i denne samanhang. Det visest elles til artikkel om sentral satsing på rekruttering til kyrkjemusikk i KA-forum 2-02.


Frank Grimstad
direktør


Del i sosiale medier:
Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone