Nytt notat om finansiering av trus- og livssynssamfunn

Publisert: 06/06/2017
KA publiserer no eit notat om framtidig finansiering av trus- og livssynssamfunn. Her blir ni aktuelle spørsmål drøfta.

Kvifor trengs det endringar? Kva er grunnlaget for ei eige finansieringsordning for Den norske kyrkja? Er det viktig med lokal finansiering gjennom kommunen? Kva er argumenta for og mot kyrkjeleg gravferdsforvaltning? Dette er nokre av spørsmåla som blir drøfta i notatet.

Notatet går også gjennom viktige politiske prosessar som utgjer bakgrunnsteppet for debatten som no kjem. Det blir vidare referert til viktige høyringsfråsegner og vedtak som gjeld finansiering av trus- og livssynssamfunn.

Stortinget vedtok i desember 2015 å be regjeringa kome attende til Stortinget med forslag til nytt finansieringssystem for trus- og livssynssamfunna. Regjeringa har varsla at ei ny heilskapleg lov om trus- og livssynssamfunn blir sendt på høyring i haust. I høyringsnotatet er det venta at Kulturdepartementet vil gå gjennom finanseringsordningane.

Debatten om finansieringsordningar og livssynspolitikk er og vil vere i utvikling, og notatet reflekterer og drøftar nokre av dei spørsmåla som så langt har vore aktuelle. Formålet med notatet er å førebu alle aktørar på ein debatt som ser ut til å blir stadig viktigare og bidra til ein diskusjon basert på kunnskap og forståing. Du kan laste ned notatet på denne sida.

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone