Innmeldinga er levert

Direktør i Kyrkjerådet Jens Petter Johnsen (t.v.) har no overlevert innmeldingsskjema til KA ved adm.dir. Frank Grimstad.
Publisert: 16/09/2016
Direktør i Kyrkjerådet, Jens Petter Johnsen, har denne veka levert innmeldingsskjemaet som melder Rettssubjektet Den norske kyrkja inn i KA. Den nasjonale eininga som blir oppretta 1. januar blir dermed medlem i KA frå same dato. Innmeldinga er oppfølging av Kyrkjemøtet sitt vedtak i april.

Stortinget har vedteke at den delen av Den norske kyrkja (Dnk) som i dag er ein del av staten, blir skild ut frå staten og frå 1. januar blir "Rettssubjektet Den norske kyrkja." Den nye eininga overtek også arbeidsgjevaransvaret for dei om lag 1600 statstilsette i Dnk. Som følge av dette vedtok Kyrkemøtet i april at KA blir arbeidsgjevarorganisasjon for den nye eininga.

Førebuingane for endringane som trer i kraft ved nyttår har gått føre seg i lang tid. Denne veka blei altså KA sitt innmeldingsskjema for nye medlemmar levert inn. Formelt blir innmeldinga godkjent av styret i KA. KA ser fram til å ønske ei ny og stor verksemd velkomen frå nyttår.

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone