Vesentlege manglar ved høyringnotatet

Publisert: 21/07/2015
«Kvardag og helg utgjer ein felles puls som er viktig både for den einskilde og for fellesskapet. KA meiner det er ein vesentleg mangel ved høyringsnotatet at konsekvensane av endringane ikkje er drøfta ut frå ei djupare forståing av verdien ein så tungt forankra tradisjon som denne vekerytmen representerer.» Det skriv KA i si høyringsuttale om søndagsopne butikkar.

Styret i KA går mot regjeringa sitt forslag om søndagsopne butikkar. I høyringsuttalen frå KA blir begge forslaga i høyringsnotatet avvist. KA peiker på at «Lov om helligdager og helligdagsfred» har sitt utgangspunkt i ein tradisjon som har forma liva til einskildmenneske, lokalsamfunna og nasjonen gjennom tusen år. KA merkjer seg vidare at departementet i høyringsnotatet legg stor vekt på den einskilde sin valfridom og i liten grad tek ei fellesskapstilnærming til heilagdagsfred og lovgjevinga om dette.

I høyringsuttalen heiter det vidare at heilagdagsfreden og vekerytmen som følger med denne, er forankra i den kristne tradisjonen og historia vi som samfunn er ein del av. Ein felles vekerytme har likevel verdi på tvers av tru og livssyn, og den offentlege samtalen om regjeringa sitt forslag har synleggjort brei motstand mot forslaget ut frå ulike allmenne omsyn. Det gjeld mellom anna omsyn til familieliv, frivilligheit og miljøkonsekvensar.

KA er kritisk til at konsekvensane for desse nemnde omsyna ikkje er vurdert grundigare i høyringsnotatet og i liten grad blir lagt vekt på i vurderingane. Balansen mellom omsynet til eit produktivt arbeidsliv og arbeidstakarane sitt behov for fritid og familieliv er eit sentralt element i arbeidslivspolitikken. Med departementet sitt forslag vil fleire familiar miste felles fridagar og denne balansen blir dermed påverka i negativ retning.

Departementet viser også til at reglar for unnatak er omdiskutert. KA meiner desse utfordringane må handterast på andre måtar i dialog med dei bransjane dette gjeld, og at desse utfordringane ikkje på nokon måte kan rettferdiggjere å sjå vekk frå dei negative samfunnsmessige konsekvensane som forslaget inneber.

Når det gjeld det alternative forslaget om å la den einskilde kommune avgjere desse spørsmåla, så peiker styret på at dette vil skape ein uheldig dominoeffekt der vedtak om søndagsope i ein kommune legg press på nabokommunar som i utgangspunktet ikkje ønsker å opne for dette. Dei innvendingane som vi har peika på ovanfor, vil også til fulle gjelde det alternative forslaget. Nasjonale styresmakter bør ikkje fråskrive seg ansvaret for å verne om så sentrale tradisjonar og fellesskapsverdiar som dette handlar om, heiter det i høyringsuttalen frå KA.

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone