Ny rettleiing for samanslåingsprosessar

Publisert: 01/06/2015
"Kommunane har inndelingslova, men det finst inga regulering av prosessar for samanslåïng av kyrkjelege fellesråd. KA kjem om kort tid med ei rettleiing der vi foreslår korleis prosessane kan bli organisert, etter modell av inndelingslova." Det sa Stina Hansteen Solhøy, spesialrådgjevar i KA, i foredrag på storkommunekonferansen mandag.

Innldelingslova er ei lov som regulerer prosessane når kommunane skal slå seg saman. Med kommunereformen vil det bli mange kommunesamanslåingar i tida som kjem. Dei kyrkjelege fellesråda blir med utgangspunkt i kyrkjelova slått saman som ein direkte konsekvens av kommunesamanslåingane.

Likevel finst det inga regulering for korleis disse prosessane skal bli gjennomført i kyrkjeleg sektor. "Derfor lagar KA no ei rettleiing der vi foreslår at kyrkja organiserer prosessar som liknar dei som kommunane må bruke," sa Solhøy i foredraget.

I rettleiinga vil det ligge forslag til prosjektorganisering for fellesråd som skal slå seg saman. Her legg vi opp til at det blir etablert ei fellesnemnd med politiske representantar for dei aktuelle fellesråda. KA vil gå i dialog med departementet om kva for fullmakter eit slik nemnd kan ha innafor kyrkjelova sine rammer.

I rettleiinga vil det også vere arbeidsrettslege vurderingar ved overtal, styringsrett, løns- og arbeidsforhold mv..

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone