Fleirtalet vel dåp

Publisert: 01/06/2015
"Fleirtalet vel dåp. Likevel viser tala at vi treng ei mobilisering." Det sa Kristine Aksøy da ho heldt foredrag om dåpstal og strategiar på KA sin storkommunekonferanse mandag. Dåpsløftet er eit initiativ for å mobilisere til dåp blant kyrkja sine medlemmar.

Aksøy er seksjonleiar for barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet. Ho viste til nasjonale tal som viser at det er 59 % av ungane som blei døypte i 2014. Ho orienterte om initiativet Dåpsløftet som har fire delar:

- Kunnskapsinnhenting
- Internt kommunikasjons- og motivasjonsarbeid
- Ressursar for kyrkjelydane
- Tiltak mot potensielle dåpsforeldre

IPSOS MMI har laga ein rapport basert på intervju med fokusgrupper. Rapporten har gitt mykje nyttig kunnskap om kvifor foreldre vel dåp, og kvifor dei ikkje gjer det.

Aksøy streka under at dette ikkje er noko nytt som kyrkja har starta med no. "Trusopplæring er det viktigaste tiltaket for mobilisering for dåp i åra framover," seier Aksøy.

KA sin storkommunekonferanse er ei årleg samling for fellesråda i dei største kommunane.

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone