Jubileumsseminar og landsråd i KA

Styreleiar i KA, Eigil Morvik
Publisert: 24/04/2015
Både fortid og framtid står på dagsorden når KA mandag held jubileumsseminar. Seminaret markerer at det i år er 25 år sidan KA blei etablert. Vi ser på framtidas arbeidsgjevarpolitikk og kyrkjeleg personalpolitikk, og KA si rolle sidan starten og fram til i dag.

Jubileumsseminar og landsråd i KALandsråd i KA, 2014

Programmet startar med opningsgudsteneste i Holmenkollen kapell kl 11.

Kl 1230 opnar styreleiar Eigil Morvik seminaret. Etter lunsj fortset seminaret frå kl 14. I samband med jubileet er det naturleg å sette søkelyset på KA si rolle. "KAs historie, politikk og posisjon i kirkebildet" er Knut Andresen sin tittel i neste sesjon. Andresen er m.a tidlegare domprost i Nidaros. Vi løftar så blikket framover og administrerande direktør i KA, Frank Grimstad, held foredrag om utviklinga i kyrkjelege verksemder med tittelen "Fra personalomsorg til arbeidsgiverpolitikk." 

Avdelingsdirektør Thom Rafoss i Kulturdepartementet gir respons på foredraga før ein panelsamtale avsluttar seminaret. Temaet er "KA i fremtidens kirkebilde" og i panelet møter vi leiar i Presteforeininga, Martin Enstad, kyrkjeverje i Tromsø Kristin Stang Meløe, Knut Andresen, Frank Grimstad, og biskop i Borg, Atle Sommerfeldt.

 KA si nye nettside og grafiske profil vil også bli lansert under seminaret.

Helga Hjetland er konferansier under festmiddagen der eit rikholdig program ventar gjestane.

Tirsdag er det landsråd i KA. På landsrådet blir ei av dei viktigaste sakene handsaming av fråsegna til høyringa om Kyrkjerådet sitt dokument: "Veivalg for fremtidig kirkeordning." Ei anna viktig sak blir diskusjonen om KA sin strategiplan i ei spennande tid der kyrkjelandskapet er i endring. 

Du finn saksdokumenta til høgre i bildet. 

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone