Nytt frå KA veke 42

Publisert: 20/10/2011
torsdag 20. oktober 2011.

LITT UBESKYTTA INFO OM KVEN SOM KAN VELJAST TIL FELLESRÅDET

Sist veke melde vi om oppdateringar av materiellet til rådsopplæring som ligg på www.ka.no/raadsarbeid/raadsopplaering. Vi skreiv då litt ubeskytta om bruken av vararepresentantar i soknerådet - om dei kan veljast til fellesrådet, eller ikkje.
Det er rett at det i utgangspunktet (kl § 12) er medlemer av soknerådet som skal inn i kyrkjeleg fellesråd. Kyrkjerådet har likevel, i eit rundskriv 09/05, opna for at 1. vara, i særlege høve, kan vere valbar.
Dette er retta opp i informasjonen som ligg på /raadsarbeid/raadsopplaering
Rundskriv frå Kyrkjerådet nr. 9/2005
Notatet frå kyrkjerådet datert des 2005, der dei særlege høva er omtalt

RENTEKOMPENSAJSONSORDNINGA - PENGAR ATT AV ÅRETS LØYVING

Pr i dag er det berre gitt tilsegn om 150 mill kr. av ei løyving på 400 mill kr.
Grunnen til dette er ikkje avviste søknader, men for få søknader til Husbanken!
I Statsbudsjettet er det ikkje gjort framlegg om å føre ev unytta løyving vidare til 2012.
Difor oppmodar KA alle kyrkjeforvaltarar, med planar om istandsetting av kyrkjebygg, til å sende søknad inneverande år.
Husbanken melder at fristen for å sende inn søknad er 31.12.2011.
Vi viser elles til FAD sitt rundskriv P-10/2011 av 3. oktober

50 000 KR TIL BARNEHAGAR SOM VIL ARBEIDE MED SJUKEFRÅVERET

Det partssamansette OU-styret lyser ut to stipend à 25 000 kr til to barnehagar som vil arbeide konkret med å redusere sjukefråværet blant dei tilsette.
Det er opp til den enkelte barnehage korleis dei vil jobbe med tematikken.
OU-styret utarbeidar no eit hefte, ”Nærvær og fråvær i barnehagesektoren”, med relevant materiale på området.
Budsjett og søknad med omtale av prosjektet, sender ein til KA på e-post: ka@ka.no 
Søknadsfrist er 20.november 2011.
Spørsmål om stipenda kan rettast til sekretær i OU-styret, Linn Maria Kierulf (e-post: linn.maria.kierulf@ka.no / tel: 23 08 14 34).

REKNESKAPSKURS

Innføringskurs i kyrkjerekneskap vert halde 24. november i Oslo
Kurs i rekneskapsavslutning vert halde i Oslo dagen etter, 25. november.
Påmeldingsfrist til båe kursa, er sett til 24. oktober.
Les meir om innføringskurset i kyrkjerekneskap
Les meir om kurset i rekneskapsavslutning

 

Venleg helsing KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon

 

Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone