KA-rundskriv 19/04 av 7.september 2004

Kyrkjemusikkutdanningar - kompetansemanual

Publisert: 13/09/2004
På bakgrunn av mange spørsmål vedrørande ulike kyrkjemusikkutdanningar har me fått utarbeidd eit ressurshefte som her fylgjer vedlagd: «Norske og utanlandske kyrkjemusikkutdanningar - ein kompetansemanual».
Heftet er todelt: 

Fyrste del er ei generell innføring. 

Andre del gir oversyn vedrørande dei mest aktuelle grader og utdanningar. Omtalen av norske tilhøve er avgrensa til det som var gjeldande fram til gradsreformen av 2002. 

Ut frå den aktuelle migrasjonssituasjonen er berre tyske, hollandske og britiske tilhøve omtala. 

Vidare er berre grader som ekvivalerer ei komplett kyrkjemusikarutdanning etter nasjonalt mønster tekne med. Dette ekskluderer ei rekkje ulike grader og utdanningar som i seg sjølv inneheld viktige element i høve våre kyrkjemusikarutdanningar.

For å vurdera innhaldet i arbeidssøkjarars kompetanse i dagens sterkt internasjonaliserte arbeidsmarknad, er det verken ynskjeleg eller mogeleg å setja opp enkle formlar. Her krevs både spesialkompetanse og kontaktnett for nærare undersøkingar. 

Spørsmål vedrørande lønsfastsetjing kan i denne samanheng rettast KAs forhandlingsavdeling. 

Spørsmål om utdanningskrava i Tenesteordning for kantor, kan rettast Kyrkjerådet. 

Spørsmål om ekvivalering / evaluering av grad kan rettast dei høgskular og universitet som gir kyrkjemusikkutdanning. Adressene til desse er å finna i Årbok for den norske kyrkja. 

Ekstra eksemplar av heftet kan tingast frå KA sitt sekretariat. Det kostar kr. 40 pr. stk. Porto kjem i tillegg. 


Frank Grimstad
adm. dir
Del i sosiale medier:
Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone