KA-rundskriv 11/03 av 15. mai 2003

Forsøks- og utviklingsarbeid i kyrkja - samarbeidstiltak mellom fellesråd

Publisert: 19/05/2003
KA vil med dette rundskrivet informera om at kyrkjedepartementet har lagt til rette for at det kan brukast statlege midlar for å stimulera til lokalt forsøks- og utviklingsarbeid. KA har fått i oppdrag å forvalta desse midlane.

Kultur- og kyrkjedepartementet har i rundskriv V-9/2003 om "Tilskot til kyrkjeleg verksemd i kommunane" orientert om at 4 millionar kroner av den statlege løyvinga på kr. 100 mill. vil bli brukt til fellestiltak.  KA har ved skriv frå KKD av 17.03.03 fått ansvar for å utvikla og ivareta desse fellesoppgåvene.

 

Me vil i seinare rundskriv komma tilbake til arbeidet med å etablera ein felles database for alle kyrkjebygg og arbeidet med å etablera ei felles forsikringsordning for kyrkjebygga.  Bakgrunnen for desse 2 fellestiltaka er omtala i rundskrivet frå KKD.

 

I dette rundskrivet vil me gje ei fyrste orientering om at KKD også har lagt til rette for at ein del midlar kan brukast for å stimulera forsøks- og samarbeidstiltak lokalt.  KA har fått ansvar for disponering av midlane innan dei gitte rammer.  Kor mykje midlar som kan brukast til forsøks- og utviklingsarbeid, vil vera avhengig av dei endelege budsjettvedtaka for arbeidet med databasen og forsikringsordninga.

 

Pr.d.d. ser det ut til at ½ - 1 mill. kroner av dei 4 millionane kan disponerast som direkte tilskot til lokale prosjekt.  I tillegg har regjeringa i forslaget til revidert statsbudsjett foreslått å setja av meir midlar til forsøks- og utviklingsarbeid.  KA vil arbeida for at mest mogeleg av desse midlane kan vidareformidlast til lokale utviklingsprosjekt.


Det vil vera aktuelt å gje tilskot til prosjekt innanfor fylgjande område:

·       Samarbeidstiltak som har som formål meir rasjonell og kostnadseffektiv drift.

·       Samarbeidstiltak som har som formål å gje høgare fagleg kvalitet på det kyrkjelege arbeid og som vil stimulere til arbeid for eit godt arbeidsmiljø.

·       Førebuing og gjennomføring av kyrkjeleg omorganiserings- og utviklingsarbeid i samband med kommunesamanslåing

·       Forsøksverksemd som krev godkjenning etter § 5 i kyrkjelova – det vil her vera aktuelt både å ha:

-        forsøk med andre organ for soknet enn det som er lovpålagt

-        forsøk med annan oppgåvefordeling enn det lovpålagte

-        forsøk med annan samansetjing av organa enn det som er lovpålagt

·        Forsøksverksemd som går utover det som er heimla i KL § 5, t.d.

-        forsøk med samordning av arbeids-gjevaransvar

·        KA vil også prøva å tilretteleggja for

-        forsøk med felles arbeidsgjevaransvar for prestar og noverande fellesråds-tilsette

-        forsøk med andre finansieringsformer

-        forsøk med annan fastsetjing av forordna gudstenester.

 


KA har alt gitt tilsagn om tilskot til eit prosjekt der 2 fellesråd høyrer til i kommunar som har vedtatt kommunesamanslåing.  Me ynskjer fortløpande å bli orientert om konkrete planar som fellesråd arbeider med på dette området m.a. for å vurdera kva type utviklings- og forsøksprosjekt det vil vera viktig å prioritera i inneverande år.  Før sommarferien vil me komma tilbake med nærare retningslinjer for søknader om tilskot til prosjekt.  Innspel som kom på KA’s organiseringskonferanse 12.-13.mai og dei drøftingar som vil finna stad på storkommunekonferansen 16.juni, vil vera viktige for KA’s vidare arbeid


Frank Grimstad, adm. dir

 

 


 


 


 


 

Del i sosiale medier:
Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone