KA-rundskriv 10/03 av 7. april 2003

Arbeidsoppgaver / tenester som medlemmer må betala for å få levert fra KA

Publisert: 08/04/2003
Rundskrivet gjer greie for kva tenester medlemmer i KA får gratis og i kva høve ein må dekka reisekostnader og / eller betala honorar til KA for utførte arbeidsoppdrag. Rundskrivet erstatter rundskriv 05/00 frå KA.

Rundskrivet erstattes av rundskriv 04/06

Medlemskontingenten i KA sikrer at KA kan ha eit sekretariat som på vegne av medlemmene kan ivareta primæroppgåvene til KA slik dei er nedfelte i vedtektene.  

Arbeidet i sekretariatet med tariffavtalar, kompetanseutvikling og interesseverksemd skal koma alle medlemmer til gode. Dette generelle arbeidet skal det ikkje betalast for utover medlemskontingenten. 

Når einskildmedlemmer har bruk for rådgjeving pr. telefon eller skriftleg i forhold til konkrete saker, er dette også i utgangspunktet inkludert i kontingenten. Dersom slik rådgjeving inneber at KA må delta i møter o.a. hos medlemmet, har det vore vanleg at KA’s reisekostnader må dekkast. Praksis for dette har variert noko ved at medlemmet antan har måtta dekka dei faktiske reisekostnader ved ei reise  eller ein gjennomsnittssats som verkar utjamnande på kostnadane for det einskilde medlemmet. 

KA har no fastsett at det i samband med rådgjevingsarbeid frå 01.05.03 skal vera ein eintydig praksis med at medlemmer / oppdragsgjevarar dekker KA’s faktiske reise- og opphaldsutgifter utgifter.  

Dersom arbeidsoppdraget krev omfattande førebuings- eller utgreiingsarbeid, vil det vera aktuelt også å ta betaling for ein del av arbeidsinnsatsen. Dette gjeld t.d. når KA gjennomgår detaljer vedr. økonomi og ressursbruk hos medlemmet eller når medlemmet vil ha KA’s  hjelp i samband med organisasjons­utviklingsarbeid. Det kan også gjelda i samband med arbeidskrevjande personalsaker.

Ved slike høve skal honoraret til KA avtalast skriftleg før arbeidet blir utført. Til vanleg vil det vera aktuelt å betala ca. kr. 2.500 ekskl. mva. pr. dagsverk. 

Dersom KA deltar ved ulike opplæringstiltak / kurs som medlemmer o.a. arrangerer, gjeld fylgjande satsar:

Dekking av reise- og opphaldsutgifter:        kr. 4.000 (likt for alle).

Honorar: mindre enn 4 timar : kr.2.500, 4-6 timar: kr.4.000, meir enn 6 timar : kr.5.000.

Ved slike høve oppmodar KA til at medlemmer i eit distrikt går saman om å arrangera kurs slik at kostnadene kan fordelast.

 Frank Grimstad

adm. dir
Del i sosiale medier:
Powered by Cornerstone