KA-rundskriv 32/02 av 28.10.2002

Framlegg til Statsbudsjett 2003

Publisert: 31/10/2002
- konsekvensar for fellesrådet sitt budsjett
KA orienterer om framlegg i statsbudsjettet for 2003 som vil påverka fellesråda sin økonomi. Ein vil komma tilbake med informasjon om evt. endringar i det endelege budsjettet når dette er vedtatt av Stortinget i desember.
Fordeling av tilskotet til fellesråda vil ikkje vera klart før i januar 2003. Bispedømeråda har ansvar for fordeling av tilskotet til undervising, diakoni og kyrkjemusikk.

Fellesråda sin økonomi er primært avhengig av nivået på det kommunale tilskotet. Likevel vil statsbudsjettet både indirekte og direkte få store konsekvensar for kor store ressursar kyrkja lokalt blir tilført.

Kyrkjas økonomi er avhengig av kommuneøkonomien.
Den indirekte effekten av statsbudsjettet heng særleg saman med kor romslege - eller tronge - rammer staten lar kommunane få. Den tydelege tilbakemeldinga frå kommunesektoren i forhold til statsbudsjettet er, også i år, at det ikkje er samsvar mellom pålegg frå staten og den økonomi som blir stilt til disposisjon.
KA er sterkt uroleg for dei konsekvensar dette får for fellesråda. Det kjem mange meldingar om reduksjonar i tilskotsnivå frå kommune til kyrkje. Ei rekkje stader fører dette til slutt på vikarbruk, reduksjonar i faste stillingar, dårleg vedlikehald, stengde kyrkjer m.m. Det som er særleg kritisk, er at ein del fellesråd får stadig nye kutt frå år til år. Signala er tydelege, men enno har dei fleste kommunar ikkje fatta dei endelege vedtak vedrørande søknader om tilleggsløyving for 2002 eller om tilskot for 2003.
KA vil i løpet av hausten samla dokumentasjon på korleis tilskotsnivået utviklar seg.

Staten overtar ansvaret for reiseutgifter og bustadtelefon for statstilsette prestar.
Det er fastsett at staten frå 2003 overtar ansvaret for både reiseutgifter og bustadtelefon for prestar.
Fellesråda har framleis ansvar for kontorhald inkl. kontortelefon for prestar. Staten har ikkje sagt noko spesifikt om mobiltelefonar, men KA har i sin høyringsuttale lagt til grunn at staten no overtar ansvar for alle utbetalingar til presteskapet som er oppgåvepliktige, og at kostnader ved mobiltelefon, som blir disponert utanom kontortid, ikkje er fellesrådet sitt ansvar.

Fellesråda sine tidlegare kostnader til reiseutgifter og bustadtelefon, er sett til kr. 27,2 mill (innrapporterte tal frå fellesråda). Kr. 32 mill, fellesråda sine innrapporte utgifter pluss midlar til 11 årsverk på bispedømekontora, vert trekt frå rammetilskotet til kommunane i 2003. Trekket blir fordelt mellom kommunane etter vanlege kommunale fordelingskriterier ("andel beregnet utgiftsbehov"). Dette samsvarer dårleg med korleis utgiftsnivået til reiseutgifter og bustadtelefon har vore fordelt mellom fellesråda.
Det er ikkje gitt at den einskilde kommune skal redusera tilskotet til fellesrådet med same sum som staten reduserer tilskotet til kommunen. (Jf. kommunane sine plikter etter § 15).
Mange fellesråd rapporterer om at det der det som kjem til å skje.

KA tar opp saka både med Kyrkje- og undervisingskomiteen og med Kommunalkomiteen i Stortinget i forsøk på å unngå at Staten reduserer rammetilskotet til kommunane med desse kr. 32. mill.

Statleg tilskot til fellesråda og tilskot til undervising, diakoni og kyrkjemusikk.
Desse to tilskotsordningane representerer den meir direkte effekten av statsbudsjett for fellesråda sin økonomi.

Tilskotet til fellesråda er føreslege uendra frå 2002, dvs. kr.100 mill. Reduksjonen på kr. 12 mill. som kom inn i 2002 utan at nokre av dei politiske partia den gong vedkjende seg at dei ynskte å redusera tilskotet, vert no vidareført i regjeringa sitt framlegg for 2003. Det medfører at tilskotet no for andre år på rad er tilbake på same nivå som det var før det økonomiske ansvaret for prestane sitt kontorhald vart lagt til fellesrådet.
KA arbeider overfor Stortinget for å synleggjera denne situasjonen og for å få auka tilskotet.
Regjeringa skriv i sine kommentarar til sitt framlegg til budsjett for 2003 m.a. :

"Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon har på vegne av de kirkelige fellesrådene framholdt at gjeldende kriterier for fordeling av tilskuddet bør endres, slik at en forholdsmessig større del kommer fellesrådene i de større kommunene til gode. Departementet er innstilt på å justere fordelingskriteriene i denne retningen. Justeringene bør gå over tid, slik at virkningen for fellesrådene i de mindre kommunene ikke blir for store fra det ene året til det neste. Departementet vil drøfte et nærmere opplegg for dette med Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon.
Etter henvendelse fra Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon vil departementet vurdere om det av bevilgningen i 2003 bør avsettes et beløp i størrelsesorden 10-15 mill. kroner som kan inngå i delfinansieringen av en felles forsikring av landets kirkebygg. Den forsikringspremien for kirkene som hvert fellesråd betaler i dag, vil for fellesrådene samlet kunne reduseres betydelig dersom det inngås en sentral forsikringsavtale som omfatter alle kirkene. Fellesløsninger som kan forsterke sikringen av våre kirker er av stor betydning, ikke bare ut fra økonomiske hensyn, men ut fra de enestående kulturverdier våre kirker representerer. Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon vil på dette grunnlaget utrede saken videre på vegne av de kirkelige fellesrådene"


Det er det nye styret i KA som skal uttala seg om fordeling av tilskotet. Dette vil truleg ikkje kunna skje før statsbudsjettet er vedtatt, men sekretariatet gjer framlegg om at styret drøfter fordelingsproblematikken fyrste gong i styremøte 3.desember.

Når det gjeld spørsmålet om å bruka midlar av tilskotet til å utgreia og finansiera ei forsikringsordning for kyrkjer, er KA innstilt på at dette berre vil bli gjort dersom ein samla sett sparer fellesråda for meir midlar enn det ein brukar av tilskotet.

Tilskot til undervising, diakoni og kyrkjemusikk er, i Regjeringa sit framlegg, auka med ca. kr. 10 mill. frå 2002 til 2003.
5 av desse millionane skal vera øyremerkt dåpsopplæring. Midlane skal gå til forsøks- og utviklingstiltak innan opplæringsfeltet, og som tilskot til stillingar innan kyrkjeleg undervisning.
I tillegg skal meirkostnader knytt til 10 diakonistillingar oppretta i 2002, dekkast inn. Her må ein rekne inn auke i løns- og pensjonskostnader, også for dei stillingane som alt får statstilskot.
1 mill. er øyremerkt sentralt initierte kompetanstiltak (dette er tidlegare finansiert av 100 mill-tilskotet til fellesråda).

Dei samla kostnadane ved alt dette er av KA rekna til omlag kr. 10 mill. meir enn Regjeringa sitt framlegg til tilskotsnivå ligg på.

KA ser positivt på at regjeringa satsar på lovfesta rett til dåpsopplæring, og at det no blir sett av midlar til å førebu dette arbeidet. Det er likevel problematisk når eit slikt nytt tiltak ikkje blir dekt inn av "friske" midlar.


Frank Grimstad
Adm. direktør

Del i sosiale medier:
Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone