Rekneskap og rapport
Økonomiforskrifta har reglar om inndeling i føremål/funksjon for fellesråd, og ein obligatorisk kontoplan. Forskrifta seier at rekneskapen skal førast etter «god kommunal regnskapsskikk». Det er utarbeidd rekneskapsstandardar for ulike rekneskapsområde som, saman med lov og forskrift, utgjer dei detaljerte reglane for rekneskapsføringa.
Det er ei rekkje detaljerte føresegner som rekneskapen skal førast etter. Rådsmedlemmene treng ikkje detaljkunnskapar om rekneskapsreglane, men har likevel eit overordna ansvar for å leggje til rette for tilstrekkelege ressursar og god nok kompetanse, slik at ein sikrar god kvalitet i rekneskapsbehandlinga. Grundigare gjennomgang av dei detaljerte føresegnene finn ein i Økonomiarbeid i den lokale kirke (KA 2005).
For sokneråd er kontoplanen ikkje så omfangsrik som for fellesråda, og sokneråda har dessutan stor fridom til å tilpasse kontoplanen etter sitt eige behov. For små sokneråd med liten økonomisk aktivitet kan det vere nyttig å merke seg dette, slik at rekneskapen ikkje blir unødig komplisert. Høvet til forenkling og tilpassing går fram av vedlegg 4B til økonomiforskrifta.
Årsrapporten
Både kyrkjelege fellesråd og sokneråd er pålagde å utarbeide årsrapport. Omtale av økonomi vil naturleg nok berre utgjere ein del av årsrapporten. I økonomiforskrifta er det gitt få føringar om kva ein årsrapport skal innehalde. I § 5 står det: «I årsrapporten skal det gis opplysninger om forhold som er viktige for å bedømme fellesrådets økonomiske stilling og resultatet av virksomheten når dette ikke fremgår av årsregnskapet, samt om andre forhold av vesentlig betydning for årsregnskapet.»
Behandling av årsrekneskapen
Årsrekneskap og årsrapport blir fastsette av rådet og blir underskrivne av rådsleiar og dagleg leiar / kyrkjeverje. Årsrekneskap og årsrapport skal leggjast fram for revisor innan 1. mars, og revisoren skal innan 1. april levere revisjonsmelding til rådet. Forskrifta inneheld føresegner om høve til avsetjing og disponering av fondsmidlar.
Vidare er det føresegner om dekking av eventuelle driftsunderskot. Det har dessverre vore slik dei seinare åra at mange fellesråd har kome i ein situasjon der føresegna om underskotsdekking har vorte aktuell.
Revisjon
For kyrkjelege fellesråd og sokneråd med inntekter større enn 250 000 kroner skal rekneskapen reviderast av kommunerevisor, statsautorisert eller registrert revisor. Om soknerådet har mindre enn 250 000 kroner i inntekt, kan fellesrådet godkjenne at ein vel ikkje-autorisert revisor.


