KA Kirkelig arbeidsgiver-og interesseorganisasjon
Rådsarbeid|Økonomistyring|Inntektskilder

Inntektskilder

Tilskot frå kommunen til kyrkjeleg fellesråd

Kommunen er pålagd å løyve midlar til dei oppgåvene fellesrådet har fått ansvar for. Dette ifølge kirkeloven § 15.

Tilskot frå kommunen til sokneråd

Det tilskotet kommunen har plikt til å gi kyrkja i samsvar med kl. § 15, vil alltid bli overført til kyrkjeleg fellesråd/sokneråd i kommunar med eitt sokn, og skal løyvast på funksjonane 390 Den norske kirke eller 393 Kirkegårder, gravlunder, krematorier i kommunebudsjettet. I somme kommunar gir kommunen òg tilskot til kyrkjeleg verksemd utgiftsført på andre funksjonar i budsjettet. Dette kan gjelde tilskot til barne- og ungdomsarbeid, til kor og konsertar og andre kulturelle eller diakonale tiltak.

Tilskot til trusopplæring

Implementering av trusopplæringsreforma tok til i 2004 med ein femårig forsøksfase. Frå 2009 er reforma inne i ein meir ordinær driftsfase. Dei økonomiske rammene for reforma er enno ikkje komne opp på ei ordinært driftsnivå. I 2009 er det løyvt 150 mill. kroner over statsbudsjettet, og nær 45 % av alle sokna får løyvingar til trusopplæringsarbeidet.

Det er ei målsetjing at alle sokna dei nærmaste åra skal få tilskot til trusopplæring, og at løyvinga på statsbudsjettet skal doblast.

I samarbeid med bispedømmerådet prioriterer Kyrkjerådet tildelingar til nye sokn. I dette arbeidet er det valt ein metode der ein tek sikte på at alle sokna i eit prosti, i kvart bispedømme, blir prioriterte for ny tildeling kvart år.

Tilskot til diakoni, undervising og kyrkjemusikk

Staten gir tilskot til undervising og diakoni i kyrkja lokalt. I 2009 fekk fellesråda til saman 105 mill. kroner i tilskot til 136 kateketstillingar og 155 diakonstillingar. Dei statlege midlane blir formidla gjennom bispedømmeråda. Det er bispedømmerådet som avgjer kven som får tilskot. Utgangspunktet har vore at statstilskotet skal finansiere 50 % av lønsutgiftene for diakonar og 100 % av lønsutgiftene for kateketar. Bispedømmerådet har høve til å fastsetje storleiken på tilskotet i samsvar med retningslinjene i Regler om statstilskudd til særskilte stillinger innen kirkelig undervisning og diakoni. 1 mill. kroner av denne tilskotsposten har kvart år gått til kyrkjemusikalsk verksemd ved domkyrkjene.

Tilskot til FOU-arbeid

Sidan 2003 er det kvart år løyvt midlar til forsøks- og utviklingsarbeid, i 2009 er løyvinga 4 mill. koner. Kyrkjerådet har i samarbeid med KA ansvaret for å forvalte midlane. Målsetjinga med tilskotet er å leggje forholda til rette for lokalt forsøks- og utviklingsarbeid som kan gi ei meir funksjonell og kostnadseffektiv organisering, utvida samarbeid på tvers av sokne- og kommunegrenser og ei meir samordna lokal leiing av kyrkjeleg verksemd.

Rentekompensasjon for kyrkjebygg

For å styrkje arbeidet med sikring og bevaring av norske kyrkjer vart det i statsbudsjettet for 2005 etablert ei ordning der fellesrådet eller kommunen etter søknad kan få kompensert utgifter tilsvarande rentene for eit lån ein måtte ha teke opp for å få gjort jobben. Ordninga fungerer slik at kommunen eller fellesrådet etter søknad til Husbanken får eit årleg tilskot i 20 år, uavhengig av om ein faktisk har teke opp lån for å finansiere det godkjende prosjektet. Ordninga er nærmare omtala i fleire rundskriv frå Kyrkjedepartementet, seinast i rundskriv V-6/B 2009, Tilskudd til istandsetting av kirkebygg.

Momskompensasjon

Frå 2004 gjaldt det for fellesråd og sokneråd ei ordning med momskompensasjon som tidlegare berre gjaldt for kommunane. Etter denne ordninga skal fellesråd og sokneråd som minimum har hatt rett til refusjon av meirverdiavgift på 20 000 kroner i eit kalenderår, få refundert all meirverdiavgift for kjøp av varer og tenester.

Det er viktig for fellesråd og sokneråd å merke seg dei grunnleggjande prinsippa i ordninga. I visse situasjonar kan meirverdiavgiftsrefusjonen bli ein stor post i rekneskapen. Det gjeld spesielt når det blir gjennomført større investeringsprosjekt. Det kan òg vere viktig å ha momskompensasjonsordninga i tankane når ein planlegg byggjeprosjekt. For eksempel vil ikkje byggjeprosjekt som er organiserte gjennom ei stifting, oppnå momskompensasjon. Nærmare gjennomgang av regelverket knytt til dette temaet finst i boka Økonomiarbeid i den lokale kirke KA-2005.

Innsamla midlar

Det er lang tradisjon for at sokneråd i tillegg til å ta opp offer i kyrkja òg samlar inn pengar på andre måtar. Det er ofte slike midlar som kan gi grunnlag for å satse på å utvikle den kyrkjelege verksemda. Det er derfor viktig at soknerådet vurderer nøye kva metodar rådet vil ta i bruk, og korleis det er best å gå fram i arbeidet. Nedanfor er dei mest aktuelle innsamlingsmetodane kort omtala.

Givarteneste
Mange sokneråd oppfordrar medlemmer i kyrkjelyden til å binde seg til å gi ein fast sum i månaden/kvartalet/året. Ikkje minst blir denne metoden nytta dersom midlane skal gå til å finansiere stillingar. Sokneråd kan opprette eigne stillingar og få dei godkjende av fellesrådet. I godkjenningsprosessen blir det vurdert kor stabilt finansieringsgrunnlag rådet har for stillinga. Etter at det vart opna for skattefritak for gåver til kyrkeleg verksemd, har inntektene auka. I 2008 kom det inn 132 mill. kroner frå kyrkjeofringar, 46 mill. kroner frå givarteneste og 80 mill. kroner frå andre gåver og innsamlingar.

Innsamlingsaksjonar, basarar, loppemarknader o.l.
Slike innsamlingsmetodar er kjende i dei aller fleste kyrkjelydane og har lagt grunnlag for store overføringar både til eksterne føremål (misjon, Kirkens Nødhjelp m.m.) og for finansiering av kyrkjeleg verksemd i soknet.
Somme sokneråd har òg samarbeid med lokale sponsorar som yter midlar til soknerådsarbeidet. På dette området ligg det til rette for å ta i bruk kreativitet for å finne nye metodar og samarbeidspartnarar i lokalmiljøet.

Ein må ha løyve frå Lotteritilsynet for å gjennomføre lotteri, jf. lotterilova av 24.02.1995. I 2008 har Lotteritilsynet avslått ei rekkje søknader frå sokneråd fordi soknerådet er eit offentleg organ som ikkje kjem innanfor reglane om kven som kan få løyve til å drive lotteriverksemd. Desse avgjerdene er påklaga, og Lotterinemnda har sagt at spørsmålet skal vurderast grundig på nytt. Inntil ei slik utgreiing ligg føre, har Lotteritilsynet sagt at det vil følgje tidlegare praksis frå lokale politimyndigheiter som gjekk ut på at sokneråd fekk løyve dersom føremålet med lotteriet var i samsvar med lova.

Men Lotteritilsynet har sagt at det likevel kan arrangerast basar etter reglane i lotterilova. Slik regelverket er i dag, skal gevinstane på ein basar trekkjast samla og i nærvær av loddkjøpar. Det er òg maksimumssatsar for prisen på lodd og for verdien av gevinstane. Dersom basaren blir gjennomført på denne måten, treng ein ikkje melde frå til Lotteritilsynet.