Budsjett
Budsjett for kyrkjeleg fellesråd
Økonomiforskrifta gir kyrkjeleg fellesråd pålegg om å vedta ein rullerande økonomiplan for dei neste fire åra. Fellesrådet er dessutan, gjennom kyrkjelova, pålagt å ta seg av interessene til sokna overfor kommunen. Budsjettprosessen for fellesrådet er derfor todelt.
Det budsjettet fellesrådet legg fram for kommunen, er eitt av fleire grunnlagsdokument i den kommunale budsjettprosessen. Det er ikkje sett tidsfrist i forskrift eller andre stader for når ein skal ha utarbeidd eit framlegg, men det er viktig at ein har rutinar som sikrar at budsjettframlegget kjem fram til kommunen etter dei rutinane og tidsfristane kommunen har sett for budsjettbehandlinga si. Mange stader startar budsjettarbeidet for det komande året allereie i april/mai året før budsjettet skal gjelde, men dette er ulikt frå kommune til kommune.
Eit spørsmål som ofte melder seg, er i kva grad kommunen, gjennom vedtak om tilskot, kan gi føringar om korleis midlane skal disponerast. Utgangspunktet er at fellesrådet er eit sjølvstendig organ som kan disponere midlane fritt. Likevel er det gjennom lov og forskrift gitt spesifikk rett for kommunen til å skaffe seg innsyn i økonomiforvaltninga til fellesrådet.
Departementet seier i kommentar til § 4 i økonomiforskrifta: "Kommunen kan ellers gi nærmere retningslinjer om prosedyrer og frister for innsendelse av budsjettforslaget, hvor spesifisert forslaget skal være mv og vil kunne kreve innsyn i fellesrådets og menighetsrådenes samlede økonomiske situasjon som grunnlag for sin behandling av budsjettforslaget."
Det er ulik praksis og kultur frå kommune til kommune for «rammeløyvingar» til ulike sektorar. Det er derfor viktig at fellesrådet avklarar med kommuneleiinga kva føringar kommunen har når det gjeld løyving av tilskot, og kor fritt fellesrådet står til å gjere endringar/omprioriteringar utover i budsjettåret.
Dersom kommunestyret nemner delområde dei vil at løyvingane skal brukast til, bør dette vege tungt i fellesrådet sine eigne vurderingar. Dersom kommunen løyver mindre tilskot enn det som låg til grunn i budsjettframlegget frå fellesrådet, har fellesrådet plikt til å gjere endringar for å få budsjettet i balanse. Når kommunen har løyvt midlar til investeringstiltak, har ikkje fellesrådet høve til gjere om slike midlar til driftsføremål. I så fall må kommunestyret godkjenne endringane.
Det endelege årsbudsjettet
Etter at kommunestyret har gjort vedtak om tilskot til fellesrådet, må rådet behandle det endelege budsjettet for året. Det er naturleg at dette skjer på det første møtet i rådet etter at kommunestyret har fastsett storleiken på det kommunale tilskotet. Økonomiforskrifta seier at dette skal skje før året byrjar. Er kommunen seint ute med budsjettvedtaket sitt, kan denne tidsfristen vere problematisk. Det er derfor opna for at rådet har ein månads frist etter at kommunen har gjort vedtaket sitt.
Økonomiforskrifta har i § 4 føresegner om kva budsjettet skal innehalde, og formkrav til oppstilling. Dette er nærmare forklart i boka Økonomiarbeid i den lokale kirke (KA 2005).
Tenesteytingsavtale
I tillegg til midlar som kommunen løyver som direkte tilskot til fellesrådet, skal det gjerast eit overslag for kroneverdien av tenesteytingsavtalen. Dette talet skal inngå i budsjettet. Summen av løyvde tilskot og kommunal tenesteyting utgjer det kommunale bidraget til fellesrådet. Når fellesrådet har gjort budsjettvedtaket sitt, bør det sendast kommunen til orientering. Tilsvarande bør fellesrådet orientere kommunen dersom det – utover i året – blir gjort endringar i budsjettet.
Budsjett for sokneråd
Budsjettreglane er litt enklare for sokneråd enn for fellesråd. Det er ikkje krav om at sokneråd skal utarbeide økonomiplan, men det kan likevel vere fornuftig. Det er også enklare detaljeringskrav med omsyn til bruk av konti og føremål (funksjonar).
Det er likevel viktig at plan-/budsjettprosessen i sokneråda er slik at fellesrådet kan få dei nødvendige innspela så tidleg at det kan vurdere dei når det vedtek budsjettframlegget sitt og legg det fram for kommunen.
Budsjett og rekneskapar skal vise alle inntekter og utgifter som er knytte til den verksemda rådet er ansvarleg for. For sokneråd kan det somme gonger vere ei utfordring å ta stilling til kva ulike undergrupper av verksemder som er ein del av den verksemda rådet har ansvar for, og som dermed skal vere med i budsjettet. Dette temaet er omtala i bokboka Økonomiarbeid i den lokale kirke (KA-2005).


