KA Kirkelig arbeidsgiver-og interesseorganisasjon
Rådsarbeid|Økonomistyring

Økonomistyring

Å styre økonomien vil seie at ein aktivt følgjer med på rekneskapstala og rekneskapsutviklinga. Ved sida av å behandle sjølve årsrekneskapen må ein òg gjennom året overvake rekneskapsutviklinga nøye.

Økonomiforskrifta seier at rådet minst ein gong i året skal behandle rekneskapsrapport og ha ei oppfølging av budsjettet. Ut over dette minimumskravet er det opp til rådet å ta stilling til kor ofte og når slik rapportering skal skje. Denne regelen gjeld for både fellesråd og sokneråd, men behovet for slik oppfølging er heilt klart større for eit fellesråd med store inntekter og utgifter enn for ein liten og oversynleg soknerådsrekneskap. Driv rådet med stram økonomi og små marginar, kan det vere rett å rapportere oftare enn når drifta er stabil og innanfor meir romslege økonomiske rammer. Rådet bruker økonomireglementet til å fastsetje retningslinjer for korleis den daglege leiaren skal rapportere om rekneskapsutviklinga gjennom året.

Aktiv styring av økonomien går mellom anna ut på å

  • vedta realistisk budsjett – kvalitetssikre talgrunnlaget,
  • følgje rekneskapsutviklinga gjennom året – få oversyn over oppdaterte og kvalitetssikra rekneskapstal,
  • be om vurderingar og analysar frå den daglege leiaren av rekneskapsutviklinga om budsjett og oppdaterte prognosar,
  • setje i verk tiltak ved eventuelle avvik,
  • følgje opp effekten av vedtekne tiltak.


Det er viktig at ei negativ rekneskapsutvikling blir fanga opp, slik at ein kan setje i verk tiltak så tidleg som råd. Negativ rekneskapsutvikling er, enkelt sagt, overskriding av budsjetterte utgifter og/eller manglande budsjetterte inntekter.
Det som nok er den største utfordringa når rekneskapen viser at ein styrer mot eit meirforbruk (underskot), er å setje i verk nødvendige tiltak for å rette opp den negative utviklinga.

Statistikk og rapportering

Både fellesråd og sokneråd er pålagde å rapportere rekneskapsopplysningar etter nærmare retningslinjer som departementet har gitt. Slik rapportering skal skje til SSB etter detaljerte krav som SSB årleg orienterer om. Sokneråda blir berre bedne om å rapportere rekneskapsopplysingar kvart fjerde år. Det har dei seinare åra vore eit kontinuerleg arbeid med å samordne dei ulike rapporteringsrutinane i kyrkja samtidig som det blir lagt til rette for meir elektronisk innrapportering. Rapporteringsrutinane vil framleis vere under utvikling dei nærmaste åra

Forsvarleg økonomiforvaltning

Økonomiforskrifta gir både fellesråd og sokneråd pålegg om å ha eit økonomireglement der rådet sjølv tek stilling til spørsmål om mellom anna delegasjon og merkantile rutinar. Kyrkjelege fellesråd og sokneråd er svært ulike verksemder. Inntektene i rekneskapen til fellesrådet er i hovudsaka overføringar frå kommunen. Den største utgiftsposten er lønns- og personalutgifter. Økonomireglementet må derfor utformast med tanke på risikoane og utfordringane for denne typen verksemd. Soknerådet får i hovudsaka inntektene sine frå gåver, offer eller andre inntekter som rådet sjølv skaffar seg. Ein stor del av aktiviteten på ansvarsområdet til eit sokneråd er frivillig innsats. «Menighetsrådet avgjør om det skal tas opp offer eller foretas innsamling i kirken og forvalter de midler som blir samlet inn, bevilget eller gitt som gave til kristelig virksomhet, med mindre annet er fastsatt», kl. § 9.

For eksempel må reglementet omtale rutinar som sikrar at det alltid er to personar som tel opp offer eller innsamla midlar, skriv under på vedlegg og sørgjer for at pengane blir sette på bankkonto så raskt som råd. På dette området kan det lett bli ei vurdering av effektivitet opp mot omsynet til gode kontrollrutinar. Klare reglar og kontroll er ikkje tufta på mistru, men skjer av omsyn til dei involverte, at dei ikkje blir utsette for urimelege skuldingar, og i visse situasjonar også freistingar.

Skattefritak for gåver

Stortinget har opna for ei ordning med skattefritak for gåver til Den norske kyrkja. Dette er ei fin ordning som gir høve til å satse på givarteneste og andre former for gåveinnsamlingar.
Soknerådet har ansvaret for å forvalte midlane, og for at det blir etablert gode rutinar kring behandling av kontantar og mottak av gåver/offer. Detaljerte reglar om forvaltning av pengar må gå fram av økonomireglementet. Frivillige medarbeidarar er òg omfatta av eit slikt reglement

Finansforvaltning

Kyrkjelege fellesråd og sokneråd har etter økonomiforskrifta ikkje høve til å ta stor finansiell risiko ved plassering av midlane til rådet. Det er ikkje detaljerte reglar for finansforvaltning, men om finansformue blir plassert i anna enn bankinnskot, seier forskrifta at rådet på førehand skal ha vedteke eit reglement for slik plassering. Der skal ein mellom anna ta stilling til finansrisiko.

x