KA Kirkelig arbeidsgiver-og interesseorganisasjon
Maler|Kopierer altarkalken frå Flekkefjord kyrkje på TV

Kopierer altarkalken frå Flekkefjord kyrkje på TV

400 år gamal altarkalk i forgylt sylv, vert ”modell” for ein kopi som sylvsmed Tom Ståle Moseid i Valle i Setesdal skal gjere. Prosessen vert vist på NRK 1 i midten av juli.

Biletet: Erik Peersen held den unike altarkalken frå Flekkefjord kyrkje. I bakgrunnen fotograf Einar Kleveland som filmar klenodiet til en NRK-serie om gamle handverk. Foto: Tarald Reinholt Aas/Avisen Agder. 


Prosessen med å arbeide fram ein kopi av den gamle kalken, vert eitt av ti program om gamle, og kanskje utdøyande handverk.
Det er sylvsmed Tom Ståle Moseid frå Valle i Setesdal som skal gjere jobben med kalken. Han er ein av dei få som framleis kan den spesielle korpusteknikken. 

Gullsmed Erik Peersen i Flekkefjord, er drivkrafta bak prosjektet, som m.a. får økonomisk støtte fra Flekkfjord kyrkje.
Peersen var konsulent i arbeidet med heftet ”Stell og bevaring av kirkesølv”, som KA ga ut i 2008. 

Alter- eller nattverdskalken som skal kopierast i TV-programmet, er frå 1609 og freda av Riksantikvaren. Den vitnar om framragande handverk, som dessverre er i ferd med å visne vekk, seier Peersen til fagbladet Gull & Ur. Han vonar TV-serien kan bidra til å vekke til live interessa for gammalt handverk.

Programmet vert sendt i NRK1 månadg 19. juli.