Glede og kyrkjeøkonomi i adventstida
Kalenderen fortel oss at adventstida er der. Julegraner er tende og juleutstillingane er på plass i butikkane. Kvart år klagar vi på at julestrida startar for tidelig. Mange blir grepne av stress for at alt ikkje blir ferdig til jul. Andre blir stressa av at nokon er stressa. Eg tar det eigentlig med knusande ro. Alt eg ikkje blir ferdig med til jul, kan eg gjera seinare. Eg vil nyta adventstida.
Eit kjenneteikn ved adventstida er julekonsertane. Få tider på året er kyrkjene våre fullare enn i advents- og juletida. Mange artistar brukar tida før jul til å dra på turne. Konsertlokalet dei inviterar oss inn i er oftast ei eller anna kyrkje, og publikum står i kø for å sleppa inn. Det er flott! Artistane kjem gjerne til vår eiga kyrkje. Og vi kan få store konsertopplevingar i lokalmiljøet.Eg har vore på mange av desse konsertane og eg nyt det.
Men no er eg også ganske provosert. For ei tid tilbake las eg eit oppslag i Aftenposten. Ei av overskriftene på oppslaget var «Mener kirkene er for grådige». Arrangør Tor Arne Ranghus i Taran Management, var intervjuobjektet og han uttalte fylgjande. « Sjelden har publikum hatt flere juleforestillinger å velge mellom. Det er ikke plass til alle.» Han legg til at mange nye aktørar melder seg på, men han er bekymra for at ”markedet begynner å bli mettet”.
Og så legg han til : ”Det største problemet vårt er grådighet. Vanligvis får kirkene 15 prosent av billettsalget, men nå er det flere som krever 25 og 30 prosent.” Han legg til at i mange kyrkjer bidrar dei ikkje med noko. Dei må henta nøkkelen sjølve, seier han.
Mi lokale kyrkje er Østenstad i Asker, og eg går der ganske ofte både på gudstenester og kulturarrangement. Dei er flinke til å gi oss fantastiske kulturopplevingar både frå lokale krefter og frå kjendisartistar som held konsertar. I tillegg til mi lokale kyrkje, har eg mange tilbod på konsertar i alle kyrkjene i Oslo. Som kyrkjeverje veit eg ein del om kva det kostar å ta vare på kyrkjebygga våre. Påstanden om at dei må henta nøkkelen sjølve er det reine tøv. Ein konsert er langt meir enn den tida vi opplever direkte som konsertnytarar. Det kostar å drifta ei kyrkje. Vi må stille opp med vakthald både under rigging av konsertutstyret og under sjølve konserten, reingjering før og etter konserten, straumutgifter, slitasje på bygningane m.m. Vi som arbeider i kyrkja, forvaltar ein stor kulturskatt som hele nasjonen eig i fellesskap. Dette er krevjande, men vi gjer kva vi kan for at så mange som mogleg skal få del i denne skatten. Problemet vårt er at vi i alt for mange år har lånt ut kyrkjene slik at andre er blitt rike medan vi har hatt meir utgifter enn inntekter. Når vi no har justert, blir vi stempla som grådige. Kulturhusa, som i dei fleste tilfeller har langt høgare prisar enn kyrkjene, får ikkje dei same skuldingane.
Den andre overskrifta på oppslaget i Aftenposten var: ”Har tjent millioner på juleforestillinger”.
Så bra, tenker eg. Bra at aktørane og arrangørane tener pengar på dette. Eg unner dei kvar krone. I tillegg vil eg at kyrkjelydane skal sitta igjen med meir enn utgifter. Alle midlar som kjem inn til kyrkjelydane, også eventuelt overskot frå konsertane, blir brukt til beste for fellesskapet. Det synes eg at fleire skal gle seg over.
Ha ei god førjulstid, nyt konsertane og ta godt betalt for utleige!

