KA Kirkelig arbeidsgiver-og interesseorganisasjon
Stor oppslutning om mva-kurs - ekstrakurs i Bergen og Førde

Stor oppslutning om mva-kurs - ekstrakurs i Bergen og Førde

Interessa for KAs kurs om meirverdiavgift har vore stor. Kurset i Oslo den 22. sept har venteliste, medan det no vert sett opp to nye kurs, eitt i Bergen og eitt i Førde.

Mange spørsmål om mva

Fritaket for mva-plikt blei som kjent oppheva for dei kyrkjelege fellesråda frå 1. juli 2010.
Saka er omtala på ka.no (sjå Relaterte lenker til høgre her).
Kurshaldar Trygve Nedland fortel om mange telefonar og e-postar med spørsmål om temaet meirverdiavgift etter at mva-fritaket blei oppheva.
På kurset får deltakarane innføring i regelverket. Kurset er praktisk retta og tek opp problemstillingar som er aktuelle for kyrkjeleg fellesråd og sokneråd.

Set opp nye kurs

Studiekonsulent Ingvild Engedal fortel at kurset i Oslo 22. september er fullteikna, og fleire står på venteliste der.
I samarbeid med kyrkjeverjelaget i Bjørgvin er det sett opp 2 ekstra kurs på Vestlandet, eitt i Bergen den 4. oktober og eitt i Førde den 5. oktober.
Desse kursa er nå tilgjengeleg for påmelding på ka.no/kurs, men ver merksam på dei nokså korte påmeldingsfristane, 20. og 24. september. 

Om det er andre som ynskjer mva-kurset til sin region i haust, så tak kontakt med KAs kurs- og konferansekonsulent Ingvild Engedal eller KAs økonomirådgjevar Trygve Nedland, for å gjere avtale om tid og stad.