KA Kirkelig arbeidsgiver-og interesseorganisasjon
Aktuelt|Artikkel

Konsert i Bøler kyrkje opnar Haustkonferansen

Ekteparet og musikarparet Gudrun Skretting på piano og Arve Moen Bergset på fiolin og fele set tonen for Haustkonferansen 2012 med konsert i Bøler kyrkje sundag kl. 18:00. Etter konserten blir det omvisning i kyrkja ved KAs direktør Oddbjørn Sørmoen.

Gudrun Skretting (f. 1971) har medvirka ved flerie festivalar, m.a. Festspilla i Bergen, Risør Kammermusikkfest og Vinterfestspill i Bergstaden. Då ho var 19 år gamal representerte ho Noreg i EBU’s (European Broadcasting Union’s) konkurranse for unge musikarar. Her var ho solist med det østerrikske kringkastingsorkesteret. Vidare har ho vunne ”Ungdommens Pianomesterskap” to gonger, i 1982 i yngste klasse og 1989 i eldste. Ho avla sin diplomeksamen ved Norges Musikkhøgskole som solist med Kringkastingsorkesteret.

Arve Moen Bergset (f. 1972) hadde sin kvedardebut under Spellemannprisutdelinga i 1987. Året etter fekk han Spellemannprisen for plata ”Arvesølv”. Med folkemusikkgruppa Bukkene Bruse ble Bergset utnevnt til OL-musiker, knyttet til OL`94 på Lillehammer.

Arve har vore tilsett ved Oslo Filharmoniske orkester sidan 2003, der han har hatt fleire solistoppgåver. I 1990 blei han kåra til ”Ungdommens strykemester” og året etter vann han andreprisen i Ungdomssymfonikarane sin solistkonkurranse. I 2006 mottok han De Unges Lindemanpris.

Som femåring flytta Arve saman med foreldre og syster til Vinje i Telemark, ein kommune rik på folkemusikktradisjonar. Etter kvart kom han i kontakt med kvedaren Sondre Bratland, som blei læremeistaren hans i åtte år. Videre har han tradisjonsstoff etter Ellen Bojer Nordstoga, Agnes Buen Garnås, Aslak Høgetveit og Talleiv Røysland.

Les mer om Høstkonferansen 2012